Col du Lautaret

x

Col du Lautaret er eit 2.057 m høgt fjellpass i dei franske alpane som knyter saman dalane Oisans og Briançonnais.

Col du Lautaret
Vegen D1091 over Col du Lautaret
Vegen D1091 over Col du Lautaret

Vegen D1091 over Col du Lautaret

VestSøraust
Passhøgd2 057 m
DépartementHautes-Alpes
VasskiljeTorrent du Lautaret[1]Romanche (Rhône)Guisane → Durance (Rhône)
StaderLe Bourg-d'OisansBriançon
SambandD1091
FjellområdeDei franske Alpane
Profil
Stigning (snitt)3,4 % (1 337 m / 39,3 km)2,7 % (731 m / 27,4 km)
Stigning (maks)5,9 % (ved km 30)5,2 % (ved km 25)
Kart
Col du Lautaret (Frankreich)
Col du Lautaret (Frankreich)
Col du Lautaret
Col du Lautaret
x
Koordinatar, 6° 24′ 18″ A45° 2′ 7″ N, 6° 24′ 18″ A

Ein kan nå passet frå tre sider. Søraustsida startar i Briançon. Vestsida frå landsbyen Le Clapier ved Le Bourg-d'Oisans er den lengste og tyngste opp. Ved vegen ligg det oppdemte vatnet Lac du Chambon og vintersportstaden La Grave. Frå nord kjem ein til Lautaret frå Saint-Michel-de-Maurienne over Col du Télégraphe (1 566 m), skistaden Valloire og Col du Galibier (2 645 m).

Vegane til Col du Lautaret er nesten kvart år i bruk under Tour de France. Fritidssyklistar kan nå fleire pass frå Col du Lautaret: Col du Galibier, Col de la Madeleine (2 000 m), Col du Glandon (1 924 m), Col de la Croix-de-Fer (2 067 m) og Col d'Izoard (2 360 m). Lautaret høyrer til Hautes-Alpes og utgjer forbindelsen med Isère og Savoy.

Nordvest for passhøgda ligg alpinumet Station Alpine Joseph Fourier som blei bygd i 1899.[2]

Referansar

Bakgrunnsstoff