Wayback Machine

Wayback Machine er eit digitalt arkiv av sider frå Verdsveven og andre delar av Internettet. Det blei lansert i 2001 av Internet Archive, ein ideell organisasjon frå USA.

Wayback Machine

Type nettstadwebarkiv
Tilgjengeleg påengelsk
Grunnlagd29. oktober 2001
EigarInternet Archive
Nettstadweb.archive.org

Dei to grunnleggjarane av Internet Archive, Brewster Kahle og Bruce Gilliat, lanserte Wayback Machine som eit svar på problemet med at innhald på nettstader kunne forsvinna når nettstaden blei endra eller stengd.[1] Tenestar gjer at brukarar kan sjå arkiverte versjonar av nettsider frå ulike tidspunkt, i det arkivet kallar tredimensjonal indeksering.[2]

Prosjektet byrja å lagra nettsider i 1996, med mål om å gjera tenesta offentleg tilgjengeleg fem år seinare.[3] Frå 1996 til 2001 blei informasjonen lagra på Digital Tape, som Kahle kunne gje forskarar tilgang til på ein individuell basis.[4] Då arkivet var fem år gammalt i 2001 blei det avduka og opna for allmenn bruk gjennom ein seremoni ved University of California, Berkeley.[5] Då Wayback Machine blei lansert inneheldt han allereie over 10 milliardar arkiverte nettsider.[6]

Ved slutten av 2014 inneheldt Wayback Machine 435 milliardar nettsider, nesten ni petabyte data, og voks med rundt 20 terabyte per veke.[7][6][8]

Namnet «Wayback Machine» viser til «WABAC machine» (uttalt way-back), ein oppdikta tidsmaskin brukt i animasjonsserien The Rocky and Bullwinkle Show.[9][10]

Kjelder

Denne dataartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.