DS «Santa Rita»

(Omdirigert frå DS Santa Rita (1886))

DS «Ulvik» i Hardanger
Karriere Storbritannia
Namn:DS «Santa Rita»
Eigar:M. J. O'Sullivan
Verft:Grangemouth Dockyard
Sjøsett:1886
Sett i teneste:1920
Heimehamn:Cork
Generelle mål
Type:Yacht
Tonnasje:47 brt
Lengd:25,3 fot (7,7 m)
Breidd:4,0 fot (1,2 m)
Djupgang:2,1 fot (0,6 m)
Installert effekt :17 nhk
Framdrift:Dobbelsylindra kompoundmaskin
Karriere Noreg
Namn:DS «Ulvik»
Eigar:HSD
Sett i teneste:1922
Heimehamn:Bergen
Kjennemerke:JQDR/LFEP
Lagnad:Opphogd 1938

D/S «Santa Rita» er eit dampskip levert i 1886 for M. J. O’Sullivan i Cork i Storbritannia som yacht. Skipet vart i 1922 selt til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) for 30 000 kr. og omdøypt DS «Ulvik» for bruk som turistskip på fjordane i Hardanger.

Historie

DS «Ulvik» i Eidfjord.

I 1892 vart skipet seld til St. J. E. Daubeny i Kingswear, og i 1894 til George B. Thompson i Dublin. Han døypte skipet om til «Thaïs». Skipet skifta eigarar fleire gonger dei neste åra: Thomas G. Hawley i Coventry (1897), A. W. H. Meyrick i London (1900), C. H. Palenthorpe i Birmingham (1901) og Ellert A. Wallendahl i Bergen i 1903. I april 1922 vart skipet kjøpt av HSD.

Skipet var i teneste for HSD til det vart selt til hogging i Stavanger i 1938.

Kjelder