Dimane

Dimane (eller Diman, arabisk الديمان) er ein fjellandsby i Bsharri distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg kring 1400 meter over havet, med utsyn over Kadishadalen.

Dimane
الديمان
landsby
Den maronittisk patriarken sin sommarbustad i Dimane
Land Libanon
GuvernementNord guvernement
DistriktBsharri distrikt
Høgd1 400 moh.
Koordinatar34°15′0″N 35°57′0″E / 34.25000°N 35.95000°E / 34.25000; 35.95000
TidssoneEET (UTC+2)
 - SommartidEEST (UTC+3)
Retningsnummer+961
Kart
Dimane
34°15′N 35°57′E / 34.25°N 35.95°E / 34.25; 35.95
Wikimedia Commons: Dimane

Innbyggjarane i Dimane er libanesiske og følgjer den maronittisk-katolske kyrkja. Vernehelgenen er den heilage Josef, og festdagen hans vert feira 19. mars kvart år.

Sommarbustad for patriarken

Landsbyen er kjend som sommarbustaden til den maronittiske patriarken, i dag Mar Béchara Pierre Raï. Den første steinen for den noverande bustanden vart lagt 28. september 1899.

Attraksjonar

Dimane er òg kjend for «Patriarkarhagen» som ligg vest i landsbyenn, og for den eldgamle stien som starta bak kyrkja i landsbyen ned til botnen av Kadishadalen der maronittane leia av patriarken søkte tilflukt i hundrevis av år etter dei arabisk-muslimske invasjonane på 600-talet.

Kjelder