Distriktet Lárnaka

34°53′N 33°28′E / 34.883°N 33.467°E / 34.883; 33.467

Kart som viser plasseringa av distriktet Lárnaka på Kypros

Distriktet Lárnaka (gresk Επαρχία Λάρνακας, Eparkhía Lárnakas, tyrkisk Larnaka kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på den søraustlege delen av øya Kypros og har eit areal på 1 129 kvadratkilometer.[1]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har litt av den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld dei tre landsbyane Ársos, Meloúsia og Tremetousiá i distriktet Lefkoşa og landsbyen Pérgamos i distriktet Gazimağusa.[2] Dei tre landsbyane Athiénou, Pýla og Troúlli ligg i FNs buffersone på Kypros.

Dei to landsbyane Ormídia og Xylotýmvou, som høyrer til distriktet, ligg som enklavar innanfor det britiske baseområdet Dekélia.

Folketal

Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):

ÅrFolketalKjelde
190126 073[1]
192134 918[1]
193142 208[1]
194652 189[1]
196058 619[1]
197360 714[1]
197679 008[3]
198284 496[4]
1992100 242[5]
2001115 268[6]
2011143 192[7]

Administrasjon

Distriktsadministrasjonen i byen Lárnaka representerer den kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Oddyséas Hadzistefánou.[8]

Kommunar og busetnader

Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]

Utanom kommunane har Lárnaka 52 registrerte busetnader, av desse ligg tre heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[9] Dei største av dei busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]

  • Kaló Khorió (1 518)
  • Mosfilotí (1 365)
  • Kofínou (1 312)
  • Tersefánou (1 299)
  • Psevdás (1 261)
  • Troúlli (1 175)
  • Anglisídes (1 146)
  • Alethrikó (1 101)
  • Mazotós (832)
  • Pyrgá (812)
  • Anafotída (790)
  • Kalavasós (737)
  • Maróni (710)
  • Ájos Theódoros (663)
  • Khirokitía (632)
  • Zýgi (589)




Busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[2]

Ein busetnad har innbyggjarar på båe sider:[7][2]

Referansar