Dolgijøya

Dolgijøya (russisk Долгий Остров eller Dolgij ostrov) er ei øy i Petsjorahavet aust i Khajpudyrbukta i Russland. Ho er lang og smal med ei lengd på 38 km og ei breidde på 2,8 km i snitt. Ho strekkjer seg hovudsakleg frå nordvest til søraust og det er fleire mindre øyar i kvar ende. Matvejevøya ligg i nord og Bolsjoj Zelenets og Malij Zelenets ligg i sør.

Dolgijøya
øy
Land Russland
Areal106 km²
Folketal 0
Kart
Dolgijøya
69°16′23″N 59°05′52″E / 69.272925°N 59.09785°E / 69.272925; 59.09785
Plasseringa til Dolgijøya i Petsjorahavet.

Sørenden av Dolgijøya ligg berre 12 km frå fastlandet. Øya høyrer til Nenetsia autonome okrug, som høyrer til Arkhangelsk oblast.

Øya må ikkje forvekslast med øyane Dolgij, ei av dei ligg i bukta søraust for Khodovarikha i sjølve Barentshavet, og ei anna i Karelen. Diksonøya vart òg tidlegare kalla Dolgij.

Historie

Stepan Malygin starta ei reise frå Dolgijøya i 1736-1737. Det var to skip på denne tidlege ekspedisjonen, «Pervij» under Malygin og «Vtoroj» under kaptein A. Skuratov. Etter å ha kome inn i det lite utforska Karahavet segla dei til munningen av elva Ob.

Malygin observerte nøye denne nesten ukjende kystlinja og klarte å teikne eit forholdsvis nøyaktig kart over kysten mot Nordishavet mellom elvane Petsjora og Ob.

Kjelder

Sjå òg