Edward Stevenson

Edward Stevenson er ein bonde frå Nord-Irland. Han har vore stormeister (leiar) for Orangeordenen i Irland (The Grand Orange lodge of Ireland) sidan januar 2011.[1][2]

Edward Stevenson
Stormeister for Orangeordenen i Irland
Periode2011-
MedlemOrangeordenen
FøregangarRobert Saulters

Personleg

Stevenson er frå Ardstraw i grevskapet Tyrone. Han er gift og har tre ungar.[3]

Orangeordenen

Stevenson vart med i Orangeordenen i 1974, og vart etterkvart stormeister for ordenen i grevskapet og visestormeister i Grand Orange Lodge of Ireland. I 2011 vart han stormeister for ordenen i Irland. Då han tok over som stormeister klårgjorde han at han ville halda fast med to prinsipp for Orangeordenen a) Å ikkje ha kontakt/dialog med Sinn Féin/republikanarar og b) Å ikkje ha kontakt/dialog med lokale innbyggjargrupper som protesterer mot ruter for Orangemarsjar.

Kjelder