Fábio Coentrão

portugisisk fotballspelar

Fábio Alexandre da Silva Coentrão (fødd 11. mars 1988 i Vila do Conde i Stor-Porto) er ein portugisisk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget.

Fábio Coentrão
Personleg informasjon
Fullt namnFábio Alexandre da Silva Coentrão
Fødd11. mars 1988 (36 år)
FødestadVila do Conde
Høgd178 cm
PosisjonVingback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Real Madrid
Nummer5
Ungdomsklubbar
2004-06Portugal Rio Ave
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
2005-07
2007-11
2008
2008
2009
2011-
Portugal Rio Ave
Portugal Benfica
Portugal Nacional (lån)
Spania Zaragoza (lån)
Portugal Rio Ave (lån)
Spania Real Madrid
29 (5)
52 (2)
16 (4)
1 (0)
16 (3)
46 (1)
Landslag
2007-10
2009-
Portugal Portugal U21
Portugal Portugal
8 (6)
45 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2014

Coentrão var med på å bli seriemeister i Portugal i 2010 med Benfica. Same sesongen vart han kåra til beste nye spelar i den portugisiske ligaen, og i 2011 vart han kåra til årets spelar i Benfica. I 2012 vart han seriemeister i Spania med Real Madrid, og i 2014 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei. Han debuterte for A-landslaget 14. november 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Bosnia-Hercegovina. Han var med i Portugal sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte alle Portugal sine fire kampar. Under fotball-EM i 2012 spelte han alle Portugal sine fem kampar då dei nådde semifinalen i meisterskapen.