Frederik Meltzer

Frederik Meltzer (19. september 177915. desember 1855) var ein norsk kjøpmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Bergen.

Frederik Meltzer

StatsborgarskapNoreg
Fødd29. september 1779
Bergen
Død

17. desember 1855 (76 år)
Bergen

Yrkegründer, politikar
Språknorsk
Politisk partisjølvstendepartiet
Frederik Meltzer på Commons

Bakgrunn

Far til Meltzer var kjøpmann i Bergen. Sjølv lærde han kjøpmannsyrket, mellom anna under eit toårig opphald i England og Frankrike. Han var frå 1802 kjøpmann på Tyskebryggja i heimbyen. Seinare vart han også overfiskevrakar og i 1837 børskommissær.

Politisk utsending

I 1814 var Meltzer utsending frå Bergen til riksforsamlingaEidsvoll saman med Wilhelm Frimann Koren Christie, Jens Rolfsen og Jonas Rein. Der høyrde han til sjølvstendepartiet.[1] Han var elles medlem av finanskomiteen.

Frederik Meltzer sitt framlegg til flagg, stilt ut i Stortinget som nr. 3, 4. mai 1821.

Meltzer var representert på Stortinget 1821, 1822, 1824, 1827 og 1828. I 1821 søkte han om fritak, noko som vart avvist og han møtte frå 6. mars. På dette tinget kom han med forslag om at det norske flagget skulle ha same fargane som det franske, det USA-amerikanske og det nederlandske flagget, i tillegg til det britiske unionsmerket. Eit forslag som vart vedteke, og det norske flagget hadde fått si varige form. Han var medlem av 18 komitear, mellom dei om russehandelen i Finnmark, om bøkkerlauget i Bergen og om brennevinsbrenning på landsbygda. I 1822 var han med i komiteen om oppgjeret med Danmark. På 1824-stortinget var han med i bankkomiteen og i komiteen om kjøpstadskatten, og om fiskeria.Også i 1827 var han med i bankkomiteen samt næringskomiteen. På det overordentlege storting 1828 var han med i komiteen om auke av setelmassen.

Meltzer var i 1840 medlem av fiskerilovkommisjonen og i 1843 om vrakarvesenet. Sistnemnde år medlem av ein kongeleg kommisjon om skattestellet i byane.

Meltzer døydde i Bergen i 1855. Han var far til Harald Meltzer.

Bustad i 1814

I 1814 budde Meltzer i eit hus i Slottsgaten 7 i Bergen. Det vart øydelagt under eksplosjonen på Vågen 20. april 1944. Dramshusen, handelshuset hans på Bryggen i Bergen, blei rive ved saneringa av den sørlege delen av Bryggen.[2]

Utmerkingar

Meltzer vart riddar av den svenske Vasaordenen i 1821.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff