Gökçeada

Gökçeada, tidlegare oftast Ímvros (gresk Ίμβρος, eldre tyrkisk İmroz) er den største øya i Tyrkia og høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya høyrer til provinsen Çanakkale og ligg ved inngangen til Sarosbukta nord i Egearhavet, og er òg det vestlegaste punktet i Tyrkia. Med eit areal på 279 km² har Gökçeada nokre skogområde.

Gökçeada
Geografi
StadEgearhavet
Koordinatar40°09′39″N 25°50′40″E / 40.16083°N 25.84444°E / 40.16083; 25.84444
ØygruppeDei nordegeiske øyane

Areal279 km²

Administrasjon
LandTyrkia
ProvinsÇanakkale
Største busetnadGökçeada by (6 229 innb.)

Demografi
Folketal9 440 (2019)
Folketettleik33,84 /km²

Etter ei folketeljing i 2019 hadde Gökçeada totalt 9 440 innbyggjarar.[1] I same folketeljing vart det rapportert at 6 229 av innbyggjarane bur i Gökçeada by og 3 211 i dei andre landsbyane.[1] Hovudnæringa på Gökçeada er fiske og turisme. Folkesetnaden er hovudsakleg tyrkisk, men det er framleis om lag 250 grekarar på øya. Eit stort tal grekarar har emigrert.

Øya er kjend for vingardane her og vinen dei produserer.

Historie

I mytologien

I følgje gresk mytologi låg palasset til Thetis, mor til Akilles, kongen av Fthia, mellom Gökçeada og Samothráki. Stallen til den vengja hesten til Poseidon skal ha lege mellom Gökçeada og Bozcaada (Ténedos).

I antikken

I antikken var Gökçeada i lag med Límnos i ein atensk klerukh, ein koloni med nybyggjarar frå Aten, men sidan innbyggjarar frå øya stod på listene over folk som betalte skatt til Aten, må det òg ha vore innfødde her. Dei opphavlege innbyggjarane på Gökçeada var pelasgianarar. Miltiades erobra øya frå Persia etter slaget ved Salamis og ein koloni vart oppretta rundt 450 fvt., under det første atenske riket, og vart halde av Aten (med korte unntak) dei neste seks hundre åra. Ho kan ha vore sjølvstendig under Septimius Severus.[2]

Nyare tid

Før og kort tid etter den første verdskrigen var 97,5 % av folkesetnaden på Gökçeada etniske grekarar. På grunn av den strategiske plasseringa nær Dardanellane ønska dei vestlege landa, og særleg Storbritannia, mot slutten av balkankrigane i 1913 at øya framleis skulle haldast av Det osmanske riket og at resten av dei egeiske øyane skulle verte avstått til Hellas.

I 1920 gjorde Sèvrestraktaten at øya vart gjeve til Hellas. Den osmanske regjeringa signerte, men ratifiserte ikkje avtalen, og vart styrta av den nye tyrkiske nasjonalistregjeringa til Mustafa Kemal Atatürk, med base i Ankara. Etter at den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 enda med gresk tap gjekk dei vestlege nasjonane med på Lausannetraktaten med den nye tyrkiske republikken i 1923. Denne avtalen gjorde øya til ein del av Tyrkia, men ho fekk ein spesiell sjølvstyrt administrativ status på grunn av alle grekarane som budde her, og folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia på denne tida fann ikkje stad på øya.

Etter ei ny lov frå 1926 vart rettane til minoritetar i Tyrkia kalla tilbake, noko som var eit brot på Lausannetraktaten. Grekarane var fråtatt retten til sin ortodokse religion, i tillegg til at dei mista språklege og økonomiske rettar. Dei greske leiarane i Tyrkia skal «frivillig ha godtatt» dei nye lovene, men signaturane deira skal berre ha kome etter ordre frå politiet, og dei som ikkje ville signere vart sett i fengsel. Den greske regjeringa vende seg til rådet i Folkeforbundet, der dei fekk støtte, men Tyrkia vart ikkje kalla inn på teppet. I 1923 avsette Tyrkia det folkevalde styret på øya og i 1927 vart dei greske skulane lagt ned. I 1943 vart dei ortodokse metropolitanane på Gökçeada og Ténedos arrestert, og landområda til dei ortodokse klostera vart konfiskert. Dette, og andre hendingar, førte til at grekarane emigrerte frå øya.

Folkesetnad

Endring i folkesetnad på Gökçeada

██ tyrkarar██ grekarar

Byar og landsbyar19271970197519801985199019972000
Çınarlı (Panaghia Balomeni) --35786153806342425121676770721405532650329
Bademli (Gliky)--661441574011334292215151513
Dereköy (Shinudy)--73672391378319214380106996882406842
Eşelek--------------152-
Fatih--------396245428432413521418025
Kaleköy (Kastro)--383624--12894-105-90-89-
Şahinkaya----------168-107-86-
Şirinköy--------------189-
Tepeköy (Agridia)--3504427321931110752239242
Uğurlu--------460-490-466-401-
Yenibademli--------416-660-628-581-
Yenimahalle (Evlampio)--182143162121231813595997027224025236227
Zeytinli (Aghios Theodoros)--305071536936235721622513012821276
TOTAL15765553970262144031540487910686524586762632183302488640254

Ref: Gökçeada kommune

Ref: Changes in the demographic characteristics of Gökçeada

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gökçeada