Heidi Sørensen

norsk politikar

Heidi Sørensen (fødd 14. februar 1970 i Levanger i Nord-Trøndelag) er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. 18. oktober 2007 vart ho statssekretær i Miljøverndepartementet, der ho etterfylgde Henriette Westhrin.

Heidi Sørensen

StatsborgarskapNoreg
Fødd14. februar 1970 (54 år)
Levanger kommune
Yrkepolitikar
Språknorsk
VervLeiar i Natur og Ungdom
Periode1993-1994
FøregangarÅsne Berre Persen
EtterfylgjarLars Haltbrekken
Politisk partiSosialistisk Venstreparti
Medlem avNatur og Ungdom
EktefelleOlav Gunnar Ballo
Heidi Sørensen på Commons

Ho vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2001, er vararepresentant i perioden 2005–2009, og møtte fast for Kristin Halvorsen inntil ho vart statssekretær i Miljøverndepartementet i oktober 2007. Etterfylgjaren hennar som møtande vararepresentant er Akhtar Chaudhry.

Heidi Sørensen var leiar av Natur og Ungdom frå 1993 til 1994 og Norges Naturvernforbund frå 1995 til 1998. Ho fekk Ole Vig-prisen i 1995.

Stortingskomitear

Bakgrunnsstoff