How Do You Do It?

How Do You Do It?
Singel av Gerry and the Pacemakers
B-side

«Away from You»
(Marsden-Chadwick)

Språkengelsk
Utgjeve14. mars 1963 (UK)[1]
5. juli 1964 (US)
Innspelt22. januar 1963
EMI Studios, London
SjangerMerseybeat
Lengd1:59
SelskapColumbia DB4987 (EMI)[2]
Laurie 3261 (USA)
KomponistMitch Murray
TekstforfattarMitch Murray
Låtskrivar(ar)Mitch Murray[2]
ProdusentGeorge Martin[2]
Gerry and the Pacemakers-kronologi 
How Do You Do It?«I Like It»
(1963)


«How Do You Do It?» var debutsingelen til Liverpool-bandet Gerry and the Pacemakers.[2] Songen gjekk til topps på UK Singles Chart den 11. april 1963, og låg der i tre veker.[3]

Historie

Songen var skriven av Mitch Murray,[2] som tilbaud han til Adam Faith og Brian Poole, men vart avvist.[4] George Martin frå EMI valde å plukke songen opp for eit nytt band han var produsent for, The Beatles, som A-sida for den første singelen deira.[4] The Beatles spelte inn songen, men ville ikkje gje han ut, sidan dei følte han ikkje passa med stilen deira, men gjorde endringar frå demoinnspelinga til Murray. Desse omfatta ein ny introduksjon, vokalharmoni, ein solo, nokre småendringar i teksten og fjerna ein modulasjon for siste verset.[4] Dei spelte inn songen i september 1962, og sjølv om Murray mislikte endringane deira, var det ikkje dette som gjorde at dei ikkje gav han ut.[5] «Love Me Do» vart den første singelen deira i staden. Innspelinga deira kom offisielt ut i november 1995 på Anthology 1 album.

Gerry and the Pacemakers sin versjon, som òg vart produsert av Martin, vart ein stor hit i Storbritannia og erstatta «From Me to You» (den tredje singelen til The Beatles) på toppen av singellista.[6] Det var tittelsongen på ei EP-plate i lag med «Away From You», «I Like It» og «It's Happened to Me» (Columbia SEG8257, gjeven ut i juli 1963). Singelen gjekk inn på den amerikanske singellista 5. juli 1964, og nådde til slutt niandeplassen.[7]

Andre versjonar

  • Dick and Dee Dee gav ut ein versjon av songen i 1966 på albumet deira, Songs We've Sung on Shindig.[8]
  • The Supremes-versjonen finst på albumet The Supremes - A Bit Of Liverpool for Motown 1964 (Motown Record Corp. #623)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideOddvar TorsheimCarles PuigdemontSpesial:SøkGene SimmonsJa, vi elsker dette landetVerdas landTussmørkesvermararSpesial:Siste endringarWikipedia:KontaktNy-CaledoniaDet norske flaggetLora stoppestadDraumkvedetDet norske alfabetetWikipedia:Gode nynorskordWikipedia:OmAndre verdskrigenParadis i BergenKrøllalfaNetiporn SanesangkhomNasjonaldyrRayleeWikipedia:ArbeidskontoretHjelp:InnhaldWikipedia:AtterhaldWikipedia:SamfunnshusetSang til BergenWikipediaBottheim stoppestadNoregLønnPinseHurraDen norske grunnlovsdagenLinn UllmannFil:US-NLM-PubMed-Logo.svgAndre pinsedagIslandske nasjonaldrakter