I Want to Break Free

I Want to Break Free
Singel av Queen
frå albumet The Works
B-side

«Machines (or 'Back to Humans')»

Språkengelsk
Utgjeve2. april 1984
Innspelt1983
Sjangerrock
Lengd3:20 (album)
4:21 (singel)
7:16 (extended mix)
SelskapEMI, Capitol, Toshiba
KomponistJohn Deacon
TekstforfattarJohn Deacon
Låtskrivar(ar)John Deacon
ProdusentQueen og Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Radio Ga Ga»
(1984)
I Want to Break Free«It's a Hard Life»
(1984)


«I Want to Break Free» er ein song av det britiske rockebandet Queen, frå det ellevte studioalbumet The Works (1984). Songen er skriven av bassisten John Deacon, og vart gjeve ut på singel. Songen kom ut i tre versjonar: album, singel og ein lengre versjon, som var meir enn dobbelt så lang. Han vart spelt på dei fleste konsertane til gruppa, og på The Freddie Mercury Tribute Concert der han vart sungen av Lisa Stansfield.

Songen er i stor grad mest kjend for musikkvideoen, der alle bandmedlemmane er utkledde i kvinneklede, eit konsept som Roger Taylor føreslo som ein parodi på såpeoperaen Coronation Street. Den andre delen av videoen inkluderte in komposisjon øvd og framført ved Royal Ballet og koreografert av Wayne Eagling. Parodien vart godt likt i Storbritannia, men skapte kontroversar i USA og vart bannlyst av MTV[1] og andre stasjonar. Etter singelen kom ut i 1984 vart han godt motteken i heile Europa og Sør-Amerika, der han gjekk inn på topp 10 på singellistene og vart rekna som ein kampsong mot undertrykking. Singelen nådde berre 45. plassen på salslista i USA, men tredjeplassen i Storbritannia, der han selde til sølvplate.[2]

Song

Songen vart skriven i 1983 av John Deacon og gjeven ut i byrjinga av april 1984.[3] Det finst tre versjonar av songen: album, singel og ein lengre versjon.

Albumversjonen er 3 minuttar og 20 sekundar lang. Dei første seks sekunda gjentar ein enkel rytme spelt på trommer, akustisk gitar, bass og elektrisk gitar. Rytmen held fram gjennom det meste av songen, og stoppar berre under den første linja. Den vanlege singelversjonen er 4 minuttar og 21 sekundar lang og skil seg frå albumversjonen med ein 40 sekundar lang introduksjon på synthesizer og ein lengre synthesizersolo.

Den lange versjonen varer 7 minuttar og 16 sekund og har ein lengre introduksjon og avslutning. Sjølve songen var 6:04, og resten inneheld fragment frå andre songar på The Works. Den lengre versjonen vart stort sett gjeve ut på 12" vinylplater, og sidan på CD-utgåva av The Works i 1991.

Utanom The Works finst songen på albuma Greatest Hits II, Box of Tricks, Greatest Hits (1992 US 'Red' edition) og Absolute Greatest og i plateboksane The Complete Works og The Platina Collection.[4]

Lister

Liste (1984)PlasseringTidsromVeker på lista
Australia (Kent Music Report)8[5]25. juni – 1. juli21[5]
Austerrike (Ö3 Austerrike Top 40)1[6]1. juni – 1. juli14
Frankrike (SNEP)9[7]8–15. desember16
Tyskland (Media Control Charts)4[8]11–17. juni20
Irland (IRMA)2[9]10
New Zealand (RIANZ)6[10]19
Nederland (Single Top 100)1[11]26. mai – 2. juni[12]12
Sveits (Swiss Hitparade)2[13]17–24. juni16
Storbritannia (Official Charts Company)3[14]28. april – 19. mai15[11][14]
US Billboard Hot 10045[15]May[16]8[11][17]

Singelen vart godt motteken i det meste av verda utanom i Nord-Amerika. I april 1984 gjekk han inn på tredjeplassen i Storbritannia og låg på topp 10-listene i mange land i Europa og Latin-Amerika, men nådde berre 45. plassen i Nord-Amerika. Singelen selde til gullplate i USA.[18] Videoen for songen syne rMercury i kvinneklede og ein tjukk bart og vart bannlyst på MTV og somme andre stasjonar i USA, og dette var medverkande til det dårlege salstalet der.[15] Bannlysinga vart avslutta i 1991 då songen vart spelt på VH1-programmet My Generation. Medan britane tok poenget med parodien i videoen, klarte ikkje det amerikanske publikummet å sjå samanhengen og tolka det som ei open erklæring om tranvestime og biseksualiteten til Mercury.[19][20]

I somme land, som Sør-Afrika og land i Sør-AMerika, vart songen hylla fordi han vart rekna som ein kampsong mot undertrykking, medan reaksjonen på videoen var blanda.[3][21] Under ein konsert i Rio de Janeiro i 1985 vart songen framført føre eit publikum på 325 000. Då Mercury byrja å syngje «I Want to Break Free» vart det kasta steinar på han. Han forstod raskt årsaka og fjerna parykken og dei falske brysta, og publikum roa seg ned. Dei ønskte ikkje å sjå at songen om fridom vart «latterleggjort».[22][23]

Etter The Works kom ut vart songen framført på nesten alle konsertane til Quene. Spike Edney spelte vanlegvis synthesizer-introen, før Mercury kom ut på scenen, ofte ikledd kostymet frå videoen, som han så fjerna seinare i songen.[22][24] Brian May spelte synthesizersoloen som ein gitarsolo på sin Red Special. Somme linjer vart ofte sungen av publikum og «God knows» vart sungen av heile gruppa. Konsertopptak av songen finst på konsertalbuma Live Magic, Live at Wembley '86 og Return of the Champions, i tillegg til videoane Queen at Wembley, We Are the Champions: Final Live in Japan, The Freddie Mercury Tribute Concert og Return of the Champions.[25]

Lisa Stansfield song songen under The Freddie Mercury Tribute Concert.[26] Ho framførte songen kledd som ei husmor med støvsugar. Songen vart òg framført på fleire konsertar av Queen + Paul Rodgers, der Paul Rodgers song vokal.[27]

I juli 2004 vart ein remixa versjon av songen nytta ein reklame for Coca-Cola C2.[28]

Musikkvideo

Musikkvideoen til «I Want to Break Free» var regissert av David Mallet. Han vart filma 22. mars og 4. mai 1984 i «Limehouse Studios» og kosta kring £100 000.[22] Han finst i Greatest Video Hits 2. Klipp frå videoen vart seinare nytta i videoen til songen «The Show Must Go On».

Den første delen av videoen var ein parodi på såpeoperaen Coronation Street, slik Roger Taylor hadde føreslått. Den andre delen var ein koreaografert dans av Wayne Eagling – ein ven av Mercury.[29] Eagling var då leiar for Royal Ballet, som var involvert i videoen[30] (ein av dansarane er Jeremy Sheffield).

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Storbritannia (BPI)[31]Sølv250 000^
USA (RIAA)[32]Gull500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Medverkande

Kjelder

Bibliography

Bakgrunnsstoff