Ina Svenningdal

Ina Svenningdal (fødd 16. juni 1996) er ein norsk skodespelar frå Oslo.

Ina Svenningdal
Fødd16. juni 1996 (27 år)
Verka somskodespelar

Bakgrunn og virke

Svenningdal er oppvaksen på Grorud og gjekk på Apalløkka ungdomsskole og Hartvig Nissens skule. Svenningdal er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole, og starta å jobbe ved Det Norske Teatret våren 2020.[1][2]

Svenningdal fekk allereie som fireåring si fyrste rolle, i stykket Putti Plutti Pott på scena i Oslo Spektrum.[2]

Svenningdal er best kjend for si rolle i TV-serien Skam, der ho spelar rollefiguren Chris Berg, og rolla som Åsa i TV-seriane Linus i Svingen og Jul i Svingen.[2]

Referansar

Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.