Izer Aliu

norsk-makedonsk filmregissør

Izer Aliu (fødd 1982 i Makedonia) er ein norsk-makedonsk filmregissør.[1] Han debuterte som regissør av kortfilmar i 2012 med Å vokte fjellet; eksamenfilmen hans ved Den Norske Filmskolen.[1] Filmen fekk Amandaprisen i klassen for beste kortfilm i 2012.[2]

Izer Aliu
StatsborgarskapNord-Makedonia, Noreg
Fødd1982 (42 år)
Nord-Makedonia
Yrkefilmregissør, manusforfattar

Den neste kortfilmen hans var Det gode livet, der borte frå 2014, den vart nominert til Amandaprisen i klassen for beste kortfilm i 2014.[3]

I 2016 debuterte Aliu som spelefilmregissør med filmen Fluefangeren. Han fekk Amandaprisen for beste regi for filmen i 2017.[4] Same år vart Fluefangeren nominert til Nordisk råds filmpris frå Noreg.[5]

Kjelder

Bakgrunnsstoff