Jakke

Jakke er eit klesplagg for overkroppen som kan opnast og lukkast over brystet og magen. Jakker har ermer, som regel lange, og går gjerne til rundt livet eller noko nedanfor.

Tweedjakke frå Ralph Lauren.

Jakketypar

  • Allvêrssjakke, vind- og vasstett fritidsjakke
  • Blazer eller bleser, lett jakke av anna stoff enn buksene, til sommar- eller sportsbruk
  • Cardigan, strikkejakke
  • Dynejakke, boblejakke eller dunjakke, varme, vatterte vindjakker
  • Kofte, strikkejakke, bunadsfrakk eller samekofte
  • Pjekkert, dobbeltknappa, opphavleg mørk blå, kort frakk av tjukt stoff
  • Vindjakke, lett jakke av tett, vindtett stoff
  • Bolero, midjekort damejakke med eller utan erme
  • Våpenjakke
  • Olajakke, jakke av dongeri
  • Parkas, kort, fôra ytterfrakk av vindtett stoff, med lommer, belte og hette, skinnanorakk
  • Golfjakke, lett, strikka jakke, særleg for golfspelande kvinner

Gamle og utanlandske typar

  • Carmagnole, kort jakke brukt av underklassen og jakobinarane under den franske revolusjonen
  • Dolman, snorejakke blant anna brukt som del av husaruniform
  • Justaucorps, knelang, ettersitjande herrefrakk eller livkjole som var vanleg på 1700-tallet
  • Mackinaw , nordamerikansk jakke av tjukt, stripa ullstoff
  • Paletot, vid, lausthengande ytterfrakk eller -jakke
  • Røykejakke, snorbesett heimejakke for menn
  • Schaube, brei, pelsfora kappeliknande mannsjakke som var vanleg i Europa på 1500-talet
  • Spencer, kort, tettsitjande jakke
  • Vams, tjukk kort uniformsfrakk eller hoftelang jakke, frå mellomalderen og seinare, utvikla seg sidan til vest

Sjå og

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jakke
Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.