Je me casse

song frå 2021 med Destiny
«Je me casse»
Song av Destiny Chukunyere
LandMalta
SpråkEngelsk
Utgjeve15. mars 2021
SjangerPop
Lengd02:58
SelskapJagged House, Sony Music Sweden
Låtskrivar(ar)Amanuel Dermont, Malin Christin, Nicklas Eklund, Pete Barringer

«Je me casse» (fransk uttrykk for 'eg stikk') er ein popsong frå 2021 med den maltesiske artisten Destiny Chukunyere. Songen var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på ein sjuandeplass. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 15. mars 2021.[1]

Om songen

«Je me casse» er skriven av låtskrivarteamet Malin Christin, Amanuel Dermont, Nicklas Eklund og Pete Barringer.[1] Jon Hällgren har miksa låten.[2]

Songen har engelsk tekst, men tittelen er fransk og vert gjenteken fleire gonger gjennom teksta. Songen handlar om ein mann som prøver å verta saman med ei kvinne ved å bruke klisjéfylte sjekkereplikkar og spandere drinkar på ho. Men kvinna er ikkje interessert og veit kva ho vil ha. Ho stikk frå fyren og vil heller ha det moro på dansegolvet.[2] Derav tittelen, som er eit fransk uttrykk for eg stikk.[3]

Eurovision Song Contest

Kringkastaren PBS valde songaren Destiny Chukunyere til å representere Malta i Eurovision Song Contest 2020 etter at ho vann den andre utgåva av X Factor Malta. Chukunyere skulle ha delteke med «All of My Love», men EBU avlyste Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien.[4] I staden vedtok kringkastaren PBS at Chukunyere skulle få representere Malta i Eurovision Song Contest 2021. Den nye songen, «Je me casse», vart offentleggjord 15. mars 2021.

Songen var siste bidrag ut på scena i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021 i Rotterdam Ahoy. Den vann semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[5] I forkant av Eurovision Song Contest var «Je me casse» blant dei største favorittane til å vinna tevlinga.[6][7] I finalen innfridde den ikkje favorittstempelet og enda på ein syvendeplass med 255 poeng.[8]

Skuldingar om odds-påverknad

I etterkant av Eurovision Song Contest kom fleire maltesiske artistar på bana og skulda den maltesiske kringkastaren PBS for medvite å ha blåse opp favorittstempelet til songen ved å betala utlendingar for å vedda på han på ulike spillselskap.[9] Kanalen skal òg ha betalt utanlandske influensarar for å omtala songen positivt.[10]

Ifølgje kjelder skal kanalen ha brukt nærare 700 000 euro på å promotere bidraget. Statsråd ved statsministerens kontor, Carmelo Abela, sette i gang ei gransking for å finna ut om pengane vart brukt til å påverka oddsen hos spelselskap.[11][12]

Listeplasseringar

Liste (2021)Høgaste

plassering

Belgia (Ultratop Flandern)[13]48
Hellas (IFPI Greece)[14]28
Island (Tónlistinn)[15]8
Irland (IRMA)[16]79
Litauen (AGATA)[17]17
Nederland (Single Top 100)[18]36
Polen (Airplay Top 100)[19]52
Storbritannia (UK Download)[20]41
Sveits (Schweizer Hitparade)[21]83
Sverige (Sverigetopplistan)[22]31

Kjelder