Fransk

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fransk (fleirtyding).

Fransk (le français [lɘˌfʁɑ̃ˈsɛ]) er eit indoeuropeisk språk på den romanske greina. Det vert mellom anna tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.

Fransk
français
KlassifiseringIndoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   galloromanske språk
TalararFrankspråklege
Bruk
Tala iFrankrike, Belgia, Sveits, Canada og 48 andre land
OmrådeVest-Europa, Nord-Afrika, Asia, Polynesia, Sør-Amerika og Nord-Amerika
Fransktalande i alt173 000 000
Rangering13
SkriftsystemLatinsk
Offisiell status
Offisielt språk iFrankrike, Belgia, Sveits, Canada, Elfenbeinskysten og 30 andre land
Normert avAcadémie française
Språkkodar
ISO 639-1fr
ISO 639-2fre (B)/fra (T)
ISO 639-3fra
Wikipedia på fransk

Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (an, en /ɑ̃/ som i enfant [ɑ̃ˈfɑ̃] («barn»), on /ɔ̃/ som i maison [mɛˈzɔ̃] («hus»), in /ɛ̃/ som i cinq /sɛ̃k/ («fem») og un /œ̃/ som i brun [bʁœ̃] («brun»),[1] ein labialisert u /y/ som i rue [ʁy] («gate»), skarre-r /ʁ/ som i Paris [paˈʁi] og schwa /ə/ som i cheval [ʃəˈval] («hest»).[2]

Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).[2]

Utbreiing

Utbreiingskart for fransk. ██ Morsmål ██ Administrasjonsspråk ██ Utbreidd språk/viktig kulturspråk ██ Vesentleg minoritetsspråk.

Fransk er offisielt språk i desse landa og territoria:

LandInfødde talararFolketal
 (omtrentleg tal)(juli 2003)
Frankrike51 949 900 60 180 600
Kongo-Kinshasa702 400 55 225 478
Libanon1 500 000 3 826 018
Canada7 535 600 32 207 000
Elfenbeinskysten1 614 500 16 962 500
Kamerun643 900 15 746 200
Burkina Faso140 300 13 228 500
Mali140 800 11 626 300
Senegal88 100 10 580 400
Belgia3 807 000 10 290 000
Rwanda153 600 7 810 100
Haiti141 200 7 527 800
Sveits1 515 700 7 318 638
Burundi63 900 6 096 156
Togo141 500 5 429 300
Den sentralafrikanske republikken36 700 3 683 600
Kongo-Brazzaville267 300 2 954 300
Gabon109 200 1 321 500
Komorane15 300 632 948
Djibouti11 400 457 130
Luxembourg21 600 454 157
Guadeloupe110 400 442 200
Martinique144 600 390 200
Vanuatu2 900 200 000
Benin191 200 7 862 944
Guinea178 700 9 690 222
Réunion170 600 787 584
Fransk Polynesia142 900 274 578
Ny-Kaledonia127 800 219 246
Niger85 400 12 525 094
Tsjad85 400 9 944 201
Fransk Guyana39 900 199 509
Mauretania21 000 3 177 388
Monaco15 400 32 543
Mayotte14 900 201 234
Saint-Pierre og Miquelon6 700 7 026
Saint Martin3 500 35 000
Saint-Barthélemy3 200 7 000
Wallis- og Futunaøyane1 300 16 025
Ekvatorialguinea200 540 109
Seychellane1 500 80 469
Madagaskar-   16 979 900

I visse land har språket ingen offisiell status, men er andrespråk for store delar av innbyggjarane:

landfolketal
 (juli 2003)
Algerie32 810 500
Marokko31 689 600
Mauritius1 210 500
Tunisia9 924 800

Det finst også fransktalande grupper i Guinea-Bissau, Kambodsja, Egypt, India (Puducherry), Italia ( Aostadalen), Laos, Storbritannia (Kanaløyane), Israel (jødar med franske og nordafrikanske røter), USA (særleg Louisiana og New England) og Vietnam.

Kjelder

Denne språkartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.