Jim Svenøy

Jim Svenøy (fødd 22. april 1972) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Elnesvågen i Fræna i Møre og Romsdal. Han vann bronsemedaljen på 3000 m hinder under EM 1998 i Budapest. Han var etter tur medlem av Elnesvågen IL, Fræna Friidrettsklubb (1993-2002) og IL Vidar (frå 2003). Han er 1,85 m høg og hadde ei tevlingsvekt på 69 kg.

Jim Svenøy


StatsborgarskapNoreg
Fødd22. april 1972 (52 år)
Molde kommune
Idrettfriidrett, hinderløp
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Kongepokal

Han vart norgesmeister på 3000 m hinder i tolv år på rad. Hans klart beste løp i eit NM kom i 1997 då han vann på tida 8.20.1. Hans første NM-tittel kom i 1992 då han vann 1500-meteren. I 1996 vart han dobbelmeister, i tillegg til hinderløpet vann han 5000 m.

Svenøys bestetid på spesialdistansen 3000 m hinder kom under eit stemne i Brussel, 22. august 1997. Han vart då nummer 7 på tida 8.12.0, det er framleis gjeldande norsk rekord. To veker tidlegare sette han norsk rekord på 8.14.8 då han vart kom på sjuandeplassen i VM. Tre gongar sprang han fortare enn 8.15.0, alle tre i august månad 1997. Året etter var han mellom favorittane i europameisterskapet, som enda med bronsemedalje. Hans personlege rekordar på både 1550 m , 3000 m og 5000 m er alle sette på ein nyårsdag, 1. januar. Dei er på høvesvis 3.40.4 (1500 m, 1999), 7.45.3 (3000 m, 1998) og 13.37.1 (5000 m, 1996).

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Medaljar i norske meisterskap

  • 1500 m:
  • Gull: 1992
  • Sølv: 1993-94
  • Bronse: 1992
  • 5000 m:
  • Gull: 1996
  • Sølv: 1997
  • 3000 m hinder:
  • Gull: 1993-2004

Personlege rekordar og årsbeste, 3000 m hinder

År1991199219931994199519961997199819992000200120022003200420052006
Tid8.50.0?8.28.58.28.18.18.28.19.78.12.08.15.28.16.58.23.68.21.68.38.88.31.58.19.78.28.88.52.0

Kjelder

  • iaaf.org
  • friidrett.no