Jonny Greenwood

britisk musikar

Jonathan Richard Guy Greenwood (fødd 5. november 1971) er ein engelsk musikar og komponist. Han er sologitarist og klaverspelar det alternative rockebandet Radiohead og har skrive mykje filmmusikk.

Jonny Greenwood

Greenwood på scenen under Hurricane Festival i 2007
Fødd5. november 1971 (52 år)
FødestadOxford i England
FødenamnJonathan Richard Guy Greenwood
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1985
SjangerAlternativ rock, electronica, kunstrock, eksperimentell rock
InstrumentGitar, piano, klaverinstrument, ondes martenot
Tilknytte artistarRadiohead, London Contemporary Orchestra, Shye Ben Tzur, The Smile
PlateselskapNonesuch, XL, Parlophone, WEA, Trojan, Sanctuary, Capitol, Lakeshore
Verka somMusikar, komponist
PrisarBritish Independent Film Award for Best Music

I lag med den eldre broren, Radiohead-bassisten Colin, gjekk Greenwood på Abingdon School i Abingdon nær Oxford i England, der han møtte dei framtidige bandmedlemmane sine. Greenwood var den yngste t gruppa og den siste som kom med, og spelte først klaverinstrument og munnspel, før han etter kort tid vart sologitarist. Han gav opp musikkstudiane då bandet fekk kontrakt med Parlophone. Debutsingelen deira, «Creep», markerte seg med det aggressive gitarspelet til Greenwood. Radiohead har sidan blitt kritikarrost og seld over 30 millionar plater. I lag med andre medlemmar av Radiohead, vart Greenwood innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2019.

Greenwood har blitt kalla ein av dei beste gitaristane gjennom tidene av mellom andre Rolling Stone. Han er ein multi-instrumentalist og speler mellom anna bassgitar, piano, bratsj og trommer, i tillegg til ondes Martenot, eit tidleg elektronisk instrument. Han nyttar elektroniske teknikkar som programmering, sampling og looping og har laga programvare nytta av Radiohead. Han har sjølv skildra rolla si i bandet som arrangør, som har hjelpt til å omforme demoane til Thom Yorke til ferdige songar.

Greenwoord har arrangert strykarar og blåsarar på albuma til Radiohead og han har komponert musikk for orkester, inkludert London Contemporary Orchestra og BBC Concert Orchestra. Det første soloarbeidet hans, filmusikken til Bodysong, kom ut i 2003. I 2007 skreiv han musikk for There Will Be Blood, regissert av Paul Thomas Anderson og han har komponert musikk til alle Anderson-filmane etter det. I 2018 vart han nominert til Oscarprisen for musikken hans for Anderson-filmen Phantom Thread. Greenwood har òg mellom anna to samarbeid med regissøren Lynne Ramsay. Han har fleire gonger samarbeidd med den israelske komponisten Shye Ben Tzur, mellom anna på albumet Junun i 2015. I 2021 debuterte Greenwood med eit nytt band, The Smile, med Yorke og trommeslagaren Tom Skinner.

Diskografi

Studioalbum

Studioalbum med utvalde listeplasseringar
TittelDetaljarLister
US
Heat
[1]
US
World
[2]
Junun (med Shye Ben Tzur og The Rajasthan Express)
  • Utgjeve: 20. november 2015
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, kassett, digitalt
63

Filmmusikkalbum

TittelDetaljarLister
US
OST
[3]
US
Heat
[1]
US
Vinyl
[4]
Bodysong
There Will Be Blood
  • Utgjeve: 17. desember 2007
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, digitalt
2021
Norwegian Wood
  • Utgjeve: 10. desember 2010
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: CD, digitalt
The Master
  • Utgjeve: 10. september 2012
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, digitalt
2128
Inherent Vice
  • Utgjeve: 15. desember 2014
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, digitalt
Phantom Thread
  • Utgjeve: 12. januar 2018
  • Selskap: Nonesuch, WEA[6]
  • Format: LP, CD, digitalt
You Were Never Really Here
  • Utgjeve: 9. mars 2018
  • Selskap: Lakeshore, Invada
  • Format: LP, CD, digitalt

Samelalbum

TittelLister
US
Reggae
[7]
Jonny Greenwood Is the Controller (med ymse artistar)
  • Utgjeve: 6. mars 2007
  • Selskap: Trojan, Sanctuary
  • Format: CD, digitalt
5

EP-ar

TittelLister
US
Classical
[8]
Octatonic Volume 2: Industry Water (with Michael Gordon)
  • Utgjeve: 24. september 2019
  • Selskap: Octatonic Records
  • Format: Vinyl,[9] download
10

Konsertverk

  • 2004 - smear for to ondes Martenot og kammerensemble med ni musikarar[10]
  • 2004 - Piano for Children for piano og orkester (trekt attende)
  • 2005 - Popcorn Superhet Receiver for strykeorkester[11]
  • 2007 - There Will Be Blood live filmversjon[12]
  • 2010 - Doghouse for stryketrio og orkester[13]
  • 2011 - Suite from 'Noruwei no Mori' (Norwegian Wood) for orkester[14]
  • 2011 - 48 Responses to Polymorphia for 48 solostrykarar[15]
  • 2012 - Suite from 'There Will Be Blood' for strykeorkester[16]
  • 2014 - Water for to fløyter, piano, kammerorgel, to tanpura & strykeorkester[17]
  • 2015 - 88 (No 1) for solopiano
  • 2018 - Three Miniatures from 'Water' for fiolin, piano, 2 tampura og cello/bass-bordun[18]
  • 2019 - Horror vacui for solofiolin og 68 strykarar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jonny Greenwood