Killers er det andre studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 2. februar 1981 på EMI Records i Storbritannia og 6. juni 1981 på Harvest og Capitol Records i USA. Albumet var det første med gitaristen Adrian Smith, og det siste med vokalisten Paul Di'Anno, som fekk sparken etter problem med å alkohol og kokain, som gjekk utover sceneframføringa hans.[7]Killers var òg det første Iron Maiden-albumet med assistanse frå produsentenMartin Birch, som produserte dei neste åtte albuma deira, fram til og med Fear of the Dark (1992).
Killers er det einaste Iron Maiden-albumet med to instrumentalar, og nesten heile albumet vart skrive av Steve Harris,[8] med berre nokre få bidrag frå resten av bandet (tittelsporet og «Twilight Zone» er dei einaste songane der andre òg er tilskrivne som låtskrivarar). Kvar song, med unntak av «Murders in the Rue Morgue» (basert på soga med same namn av Edgar Allan Poe)[9] og «Prodigal Son», vart skriven i åra før debutalbumet vart spelt inn,[10] men ingen av dei vart spelt inn profesjonelt før innspelinga av Killers, utanom «Wrathchild» (ein tidleg versjon vart spelt inn i 1979 for samleplata Metal for Muthas).[10]
Killer-turneen etter albumet var første gongen bandet spelte i USA. Den første konserten deira i USA var på The Aladdin i Las Vegas som oppvarmingsband for Judas Priest.[11] Songen «Wrathchild» er den einaste songen frå albumet som ofte vert spelt på konsertane deira, og er spelt på nesten alle turneane deira.
Innhald
Originalutgåve
Alle songar er skrivne av Steve Harris, utanom der andre er nemnde.
Den originale australske versjonen av albumet inneheldt òg coverversjonen av Skyhooks-songen «Women in Uniform», som tidlegare var gjeven ut som singel i 1980.[12] Det amerikanske Castle Records gav ut albumet med ei bonusplate som inneheld fleire konsertopptak som opphavleg kom ut på EPen Maiden Japan i 1981.[13]
Andre versjonar
Songen «Wrathchild» vart spelt i 2003 av det engelske metal-bandet Sikth og finst som B-sida til singelen deira «Scent of the Obscene».[14] Songen vart òg spelt av den kvinnelege bandet The Iron Maidens i 2007 på albumet Route 666 og igjen i 2008 av Gallows på hyllestplata Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden gjeve ut av Kerrang!.[15] «Wrathchild» finst i PlayStation 2-spelet Guitar Hero Encore: Rocks the 80s.[16]