Krystian Ochman

Krystian Jan Ochman (fødd 19. juli 1999), kjend musikalsk under etternamnet Ochman, er ein polsk-amerikansk songar og låtskrivar. Han vart kjend i Polen då han vann den ellevte sesongen av The Voice of Poland og representerte Polen i Eurovision Song Contest 2022.

Krystian Ochman

Fødd19. juli 1999 (24 år)
FødestadMelrose
AliasOchman
OpphavPolen, USA
Aktiv2020–
Instrumentpiano, trompet, vokal
PlateselskapUniversal Music Polska
Verka somsongar-låtskrivar

Bakgrunn

Ochman vart fødd av polske foreldre i Melrose i Massachusetts i USA.[1][2] Som barn lærte han å spele trompet og piano, og på high school tok han songtimar. Han spelte seinare rolla som prinsen i ei skuleoppsetjing av Oskepott. Etter high school flytta han til Polen og Katowice for å studere ved musikkhøgskulen Akademia Muzyczna im. Karola Szymanowskiego w Katowicach.[3]

I 2020 deltok Ochman i auditionrundane til den ellevte sesongen av The Voice of Poland. Han vart med på laget til artisten Michał Szpak, og vann seinare heile tevlinga. Etter sigeren skreiv han kontrakt med Universal Music Polska. Han gav ut debutsingelen «Światłocienie» og sidan debutalbumet Ochman i 2021.[2][4]

Vinteren 2022 kunngjorde Telewizja Polska (TVP) at Ochman var ein av deltakarane i den polske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest 2022. Han deltok med låten «River», som han hadde skrive saman med Ashley Hicklin, Adam Wiśniewski og Mikołaj Trybulec. I finalen 19. februar 2022 gjekk han til topps og fekk representere Polen i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.[5][6] Der enda han på tolvteplass med låten «River».[7]

Ochman er barnebarn av den internasjonalt kjende polske tenoren Wiesław Ochman.[2]

Diskografi

Album

  • 2021 – Ochman

Singlar

  • 2020 – «Światłocienie»
  • 2021 – «Wielkie tytuły»
  • 2021 – «Wspomnienie»
  • 2021 – «Prometeusz»
  • 2021 – «Ten sam ja»
  • 2021 – «Złodzieje wyobraźni»
  • 2022 – «River»
  • 2022 – «Bittersweet» (med Opał)

Referansar