Polen i Eurovision Song Contest

Polen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 24 gongar. Polens fyrste deltaking enda med ein andreplass, ein av dei sterkaste debutane i Eurovision Song Contest si historie. Polen har enno ikkje vunne Eurovision Song Contest, og dei siste åra har resultata vore relativt svake. I perioden 2004-2011 kvalifiserte Polen seg til finalen berre éin gong, men frå 2014-2017 var Polen i finalen kvart einaste år. I 2016 kom Polen på tredjeplass i telefonrøystinga og enda på ein åttandeplass totalt. Det er det tredje beste resultatet til Polen, og det beste resultatet til Polen sidan 2003. I 2018 til 2021 vart Polen slått ut i semifinalen.[1]

Polen

OffisieltPolen

TVP
Uttakingar
Nasjonalt12
Internt12
Deltaking
Debutår1994
Deltakingar24
Beste resultat
Semifinalen6 (2016 og 2022)
Finalen2 (1994)
Verste resultat
SemifinalenSist (2011)
Finalen24 (2008)
Poeng
Semifinalane1 204
Finalane960
Totalt2 164

Historikk

Det er den polske allmennkringkastaren TVP som sender Eurovision Song Contest i Polen, og som vel det polske bidraget til Eurovision Song Contest. Som ein del av den såkalla austblokka, kom Polen fyrst inn i tevlinga etter Berlinmurens fall. I 1994 deltok Polen - saman med Russland, Romania og Ungarn - for fyrste gong i Eurovision Song Contest.

Debuten

Det var landets store songstjerne Edyta Górniak som fekk oppgåva med å representere Polen for fyrste gong. Med balladen «To nie ja!» song ho Polen til ein sterk andreplass, noko som framleis er den beste plasseringa til Polen i Eurovision Song Contest. Górniak var imidlertid nær ved å bli diskvalifisert etter at ho song halve songen på engelsk under generalprøva dagen før finalen. Dette var sendinga som juryane bedømde sine poeng frå, og seks av dei andre deltakarlanda la inn protest mot Polen. Reglane for tevlinga kravde imidlertid at minst halvparten av deltakarlanda, i dette tilfellet 13 land, måtte protestere for at EBU skulle behandle saken. Dimed fekk Polen deltake som planlagt, og Górniak enda på andreplass, bak Irland, som vann tevlinga for tredje år på rad.

Den solide vart etterfølgt av ein rekkje svake plasseringar, og i 2000 og 2002 måtte Polen stå over tevlinga på grunn av dårlege plasseringar åra før. I 2003 hamna Polen på ein sjuandeplass, som til nå er den nest beste plasseringa til Polen. Den gode plasseringa sikra også Polen ein direkte plass i finalen i 2004, men i åra 2005-2011 hadde Polen sin svakaste periode til nå. Berre éin av sju gongar klarte Polen å kvalifisere seg til finalen, og i finalen hamna Polen på nest sisteplass.

Fråvær og retur

Mangelen på suksess gjorde at TVP beslutta å trekkje seg frå Eurovision Song Contest i 2012. Ei anna medverkande årsak var at TVP hadde store kostnadar i samband med produksjonen av tv-sendingane frå fotball-EM i Polen og Ukraina i 2012. Også året etter beslutta Polen å stå over Eurovision Song Contest.[2][3]

I 2014 var Polen tilbake igjen, og duoen Donatan og Cleo tok Polen tilbake til finalen for fyrste gong sidan 2008. Duoen vart nummer fem i telefonavrøystinga, blant anna med 12 poeng frå Noreg, Irland og Storbritannia.[4] Juryane hadde imidlertid det polske bidraget som nummer 23, og Polen enda samla sett på 14. plass av 26. I 2015 valde TVP artisten Monika Kuszyńska til å representere landet. Kuszyńska vart lam i beina etter ei bilulykke i 2006, og ho vart den fyrste deltakaren som satt i rullestol under framsyninga av eit Eurovision-bidrag.[5]

I 2016 vann Michał Szpak den polske finalen med songen «Color of Your Life», og også han kvalifiserte seg til finalen. Medan juryane plasserte Polen nest sist med berre 7 poeng, var tv-sjåarane rundt om i Europa av ei heiltanna oppfatning. I telefonavrøystinga vart Polen nummer tre, slik at Polen til slutt hamna på ein åttandeplass - den beste plasseringa til Polen på 13 år.[6]

Bidraga

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1994Edyta Górniak«To nie ja!»Polsk1662
1995Justyna Steczkowska«Sama»Polsk1518
1996Kasia Kowalska«Chcę znać swój grzech …»Polsk31154215
1997Anna Maria Jopek«Ale jestem»Polsk5411
1998Sixteen«To takie proste»Polsk1917
1999Mietek Szcześniak«Przytul mnie mocno»Engelsk1718
2001Andrzej Piaseczny«2 Long»Engelsk1120
2003Ich Troje«Keine Grenzen – Żadnych granic»Tysk, polsk og russisk907
2004Blue Café«Love Song»Engelsk og spansk5711Topp 11 året før
2005Ivan og Delfin«Czarna dziewczyna»Polsk og russiskIkkje kvalifisert8111
2006Ich Troje med Real McCoy«Follow My Heart»Engelsk, polsk, tysk, russisk og spansk7011
2007The Jet Set«Time To Party»Engelsk7514
2008Isis Gee«For Life»Engelsk14244210
2009Lidia Kopania«I Don't Wanna Leave»EngelskIkkje kvalifisert4312
2010Marcin Mroziński«Legenda»Engelsk og polsk4413
2011Magdalena Tul«Jestem»Polsk1819
2014Donatan og Cleo«My Słowianie – We Are Slavic»Polsk og engelsk6214708
2015Monika Kuszyńska«In the Name of Love»Engelsk1023578
2016Michał Szpak«Color of Your Life»Engelsk22981516
2017Kasia Moś«Flashlight»Engelsk64221199
2018Gromee med Lukas Meijer«Light Me Up»EngelskIkkje kvalifisert8114
2019Tulia«Fire of Love (Pali się)»Polsk og engelsk12011
2020Alicja Szemplińska«Empires»EngelskTevling avlyst
2021Rafał Brzozowski«The Ride»EngelskIkkje kvalifisert3514
2022Krystian Ochman«River»Engelsk151121986

Røystehistorikk (1994-2021)

Finalane

Polen har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Ukraina132
2 Sverige88
3 Noreg79
4 Belgia66
5 Tyskland64

Polen har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Tyskland68
2 Austerrike48
3 Storbritannia40
4 Frankrike39
5 Irland37

Semifinalane

Polen har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Australia61
2 Finland56
3 Slovenia52
4 Ukraina51
5 Noreg50

Polen har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Tyskland72
2 Irland56
3 Storbritannia52
4 Ukraina49
5 Noreg48

Galleri

Sjå òg

Referansar

Kjelder