Lårdal kyrkje

Lårdal kyrkje er ei langkyrkje frå 1831 i Tokke kommune i Telemark.

Lårdal kyrkje
kyrkje
Lårdal kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeAgder og Telemark
ProstiØvre Telemark
SoknHøydalsmo og Lårdal
FellesrådTokke
TypeLangkyrkje
ArkitektH.D.F. Linstow (typeteikning)
MaterialTre
Innvigd1831
 - Endringar1887, 1895, 1971, 2009
Klokker1, O. Olsen & Søn, 1844
KyrkjegardVed kyrkja
Preikestol1895
AltartavleBilete av Terje Grøstad
OrgelOlof Hammarberg, 1987
Sitjeplassar150
Kart
Lårdal kyrkje
59°25′22″N 8°10′53″E / 59.42275556°N 8.18146944°E / 59.42275556; 8.18146944
Wikimedia Commons: Lårdal kirke

Lårdal har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Ei stavkyrkje vart avløyst av ei tømra kyrkje i 1684. Dagens kyrkje er altså den tredje på staden. Ho er oppført på grunnlag av ei typeteikning av H.D.F. Linstow. Sakristiet er frå 1887. Kirken vart måla og dekorert av Samuel Tveit i 1895 og pussa opp av Olav Fossli i 1971. Det var ei omfattande vøling i 2009.[1]

Altartavla frå 1851 hadde tidlegare eit bilete måla av Mikkel Mandt, men fekk i 1975 eit bilete måla av Terje Grøstad.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.