Lister prosti

Lister prosti er eit tidlegare tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja.Prosten hadde sete i Flekkefjord.Prostiet svara til kommunane Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal, Lyngdal og Sirdal i geografisk utstrekking. Prostiet er no ein del av Lister og Mandal prosti.[1]

Flekkefjord kyrkje
Foto: Jarle Vines
Bakke kyrkje
Foto: Jarle Vines
Fjotland kyrkje
Foto: Philip Gabrielsen
Eiken kyrkje
Foto: Ole Th. Moen
Austad kyrkje
Foto: Per Arvid Åsen
Lyngdal kyrkje
Hidra kyrkje

Prostiet var inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja.Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Lyngdal kyrkje var prostikyrkje for Lister prosti.[2]

Prestegjeld og sokn i Listerprosti:

Flekkefjord kommune

  • Tidlegare Flekkefjord prestegjeld
    • Flekkefjord sokn
    • Hidra sokn
    • Gyland sokn
    • Bakke sokn

Lyngdal kommune

  • Tidlegare Lyngdal prestegjeld
    • Lyngdal sokn
    • Austad sokn
    • Kvås sokn

Hægebostad kommune

  • Tidlegare Lyngdal prestegjeld

Farsund kommune

  • Tidlegare Farsund prestegjeld
    • Farsund sokn
    • Herad sokn
    • Lista sokn
    • Spind sokn

Kvinesdal kommune

  • Tidlegare Kvinesdal prestegjeld
    • Kvinesdal sokn
    • Feda sokn
    • Fjotland sokn

Sirdal kommune

  • Tidlegare Sirdal prestegjeld
    • Sirdal sokn

Sjå òg

Fotnotar

Bakgrunnsstoff