MK «Austli»

(Omdirigert frå MS Austli (1917))

MK Austlid i Sagvåg
Karriere Noreg
Namn:MK «Austli»
Eigar:Aanen Vikanes i Sagvåg/Bergen
1917: H. W. Schaatum, Stavanger
1920: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft:Ottesens Skipsbyggeri i Sagvåg
Sjøsett:1917
Sett i teneste:1920 (for HSD)
Teke ut av teneste:1948
Kjennemerke:MPWN/LFNH
Generelle mål
Type:Motorkutter
Tonnasje:33 brt
13 nrt
Lengd:59,0 fot (18,0 m)
Breidd:15,8 fot (4,8 m)
Djupgang:7,1 fot (2,2 m)
Installert effekt :40 bhk
Framdrift:2cyl. 2T RM (A/S Motoren Rap, Kristiania), 40 bHK
Generelle mål etter ombygging i 1894
Tonnasje:106 brt
62 nrt

MK «Austli» var ein motorkutter bygt i 1917. Ho vart selt til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) i 1920 som det første motorfartøyet til selskapet. «Austli» gjekk i lokalrutefart i Sunnhordland fram til 1948 då ho vart seld og teke i brukt som fraktefartøy. Ho vart sletta frå norsk register i 1975.

Historie

DS «Granvin» og MK «Austli» til kai ved Vallavik i Ulvik.

Skipet vart levert i 1917 til Aanen Vikanes i Sagvåg, men same året seld til H. W. Schaatum i Stavanger. I april 1920 vart skipet kjøpt inn av HSD i Bergen for 50 000 kroner og noko ombygd i Sagvåg, mellom anna med passasjerinnreiing. I juni 1920 vart det sett i supplerande lokalrutefart i lag med DS «Fjæra» i ruta (Leirvik-Mosterhamn-Valevåg-Leirvik-Halsnøy-Sunde). Ruta var godt motteken av passasjerane, men dei tykte ikkje om båten som både var for lite og gjekk for sakte. I 1922 fekk båten ny motor.

Skipet vart i 1948 seld til L. Baardsen på Stord og i 1950 til Lars Hetlelid på Stord.

I 1975 vart skipet sletta frå norsk register og var truleg selt til Tyskland i 1974 for bruk som lystbåt.

Kjelder

Bakgrunnsstoff