Mama ŠČ!

song frå 2023 med Let 3
«Mama ŠČ!»
Song av Let 3

LandKroatia
SpråkKroatia
Utgjeve20. januar 2023
SjangerRock
Lengd02:35
SelskapDallas Records
KomponistDamir Martinović
TekstforfattarDamir Martinović
Låtskrivar(ar)Damir Martinović, Zoran Prodanović

«Mama ŠČ!» (i tydinga mamma, hysj!) er ein song frå 2023 med det kroatiske sjokkrock-bandet Let 3. Songen er skriven av bandmedlemmane Damir Martinović og Zoran Prodanović, og songen blei gjeven ut 20. januar 2023 på Dallas Records. Songen vann den kroatiske songtevlinga Dora 2023 og var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.

Om songen

«Mama ŠČ!» blei skriven av Let 3, eit kroatisk rockeband som er kjent for sine provokative tekster og sjokkerande konsertframsyningar.[1] Teksta til songen har fleire skjulte meiningar, og gjer narr av diktatorar og verdsleiarar. Tittelen kan vise til Russland, sidan «ŠČ» (norsk uttale sjtsj) kan vise til den kyrilliske bokstaven Щ. Tittelen kan difor tolkast som «Moder Russland». Ei av verselinjene lyder «mamma kjøpte ein traktor», noko som kan referere til då den russiske presidenten Vladimir Putin i 2022 fekk ein traktor i 70-årsgåve frå sin næraste allierte, den belarusiske presidenten Aleksandr Lukasjenko.[2][3] Ei anna verselinje lyder: «den vesle psykopaten, den vesle, gale psykopaten»,[2] utan at bandet har spesifisert kven eller kva dei siktar til. Songen har også fleire referansar til aktuelle tryggleikspolitiske hendingar.[4][5] I eit intervju med kroatiske medium uttalte bandet at «ŠČ» er henta frå «den fyrste bokstaven i det eldste alfabetet i verda», og at songen «sender eit bodskap til alle som trur planeten er leiketøyet deira, og som ynskjer å kontrollere alle som dokkar».[6][7]

Laurdag 11. februar 2023 vann «Mama ŠČ!» den kroatiske songtevlinga Dora 2023, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest.[8] Som vinnar blei songen det kroatiske bidraget til Eurovison Song Contest 2023. Tevlinga har strenge reglar mot politiske bodskap i tekster og bidrag, men arrangøren EBU godkjende bidraget for deltaking i Eurovision Song Contest.[9]

Kroatia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der enda songen på ein åttandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai 2023. I finalen enda «Mama ŠČ!» på 13. plass av 26 bidrag.[10]

Listeplasseringar

Liste (2023)Høgaste
plassering
 Island (Plötutíðindi)[11]37
 Kroatia (HR Top 40)[12]1
 Litauen (AGATA)[13]24

Kjelder