Musikkgruppa Camera Obscura

Camera Obscura er eit skotsk indie pop-band frå Glasgow. Gruppa blei skipa i 1996. Dei noverande medlemmene av bandet er vokalisten Tracyanne Campbell, gitaristen og songaren Kenny McKeeve, bassisten Gavin Dunbar og trommeslageren Lee Thomson. Etter at keyboardspelaren Carey Lander døydde, tok bandet ein pause frå 2015 til 2018.

Camera Obscura

Aktiv
  • 1996–2015
  • 2018–no
SjangerIndie pop
PlateselskapElefant Records, Merge Records, 4AD, Andmoresound

Musikken til bandet er ofte blitt skildra som «twee pop», og er blitt samanlikna med eit anna skotsk band, Belle & Sebastian.[1][2]

Historie

Camera Obscura blei grunnlagt i 1996 av Tracyanne Campbell, John Henderson og Gavin Dunbar. Fleire andre medlemmar spelte med bandet før David Skirving kom inn som fast gitarist. Dei fyrste utgjevingane deira var singlane «Park and Ride» og «Your Sound» i 1998.[3] Medlemskapet i gruppa endra seg i 2000 og 2001 då Lee Thomson kom med som permanent trommeslager, Lindsay Boyd kom med som keyboardspelar, og Skirving forlet gruppa og blei erstatta av Kenny McKeeve.[3][4]

Det fyrste albumet til Camera Obscura, Biggest Bluest Hi Fi, kom ut i 2001. Albumet var produsert av Stuart Murdoch frå Belle & Sebastian og støtta av John Peel.[4] Den fyrste singelen frå albumet, «Eighties Fan», nådde åttandeplassen på Festive Fifty i 2001, og kom også inn på fleire uavhengige musikklister.[5] Nigel Baillie kom med i bandet som trompetspelar og perkusjonist i 2002,[4] og Carey Lander erstatta Boyd. Sommaren 2002 bad Peel bandet ha sin fyrste Peel-session.[3]

Tracyanne Campbell i 2007

Det andre albumet til bandet, Underachievers Please Try Harder, blei gjeve ut i 2003 og følgde opp med den fyrste større turnéen i Storbritannia og Irland og den fyrste turnéen i USA. Det grunnleggjande medlemmet John Henderson forlét Camera Obscura etter denne turnéen.[6] I byrjinga av 2004 spela gruppa inn songane «I Love My Jean» og «Red, Red Rose» etter den tredje Peel-sessonen sin, etter at Peel hadde bede dei om å setja musikk til desse dikta av Robert Burns.[4]

Camera Obscura spelte inn det tredje albumet sitt, Let's Get Out of This Country, i Sverige i løpet av to veker med produsenten Jari Haapalainen.[7] Albumet kom ut 6. juni 2006. Den fyrste singelen, «Lloyd, I'm Ready to Be Heartbroken», er ein svarsong til Lloyd Cole and the Commotions sin song «Are You Ready to Be heartbroken?»,[8] og blei brukt i byrjinga av filmen P.S. I Love You i 2007.[9] Tittelsongen blei nytta i episode 5 av den amerikanske tv-serien Friday Night Lights.[10]

I februar 2009 kunngjorde gruppa at ho hadde signert med 4AD.[11] Det nye albumet hennar, My Maudlin Career, kom ut i april 2009, med «French Navy» som fyrste singel. Smykkemerket Tatty Devine frå London, skapte brosjer og halssmykke i samband med lanseringa. Albumet var det fyrste gruppa fekk på UK Top 40. Det kom også inn på topp 40 i Irland og den amerikanske Billboard Top 100. Rundt den same tida kunngjorde gruppa at Nigel Baillie ikkje lenger ville vera fulltidsmedlem av Camera Obscura grunna familieomsyn.[12]

Albumet Desire Lines, som var produsert av Tucker Martine, kom ut 3. juni 2013.[13]

I 2015 avlyste gruppa planlagde konsertar i Nord-Amerika på grunn av helsa til Carey Lander.[14] Ho var fyrst blitt diagnostisert med osteosarkom, eller beinkreft, i 2011. I 2015 gjorde ho det kjent at kreften hadde kome tilbake.[15] Lander sette opp ei innsamlingsside på JustGiving for velgjerdsorganisasjonen Sarcoma UK for å retta medvit mot om sjukdomen og mangelen på finansiering for forsking og behandling.[16] Carey Lander døydde den 11. oktober 2015.[17]

I mai 2018, medan Campbell promoterte Tracyanne & Danny, debutalbumet til det nye prosjektet sitt med Danny Coughlan, nemnde ho at framleis var i kontakt med dei andre medlemmane av Camera Obscura etter at Lander var gått bort, men framtida til bandet var ikkje blitt diskutert.[18] Songen «Alabama» frå dette albumet er ein hyllest til Lander av Campbell.[19]

5. september 2018 byrja Camera Obscura spela konsertar att, fyrst ved cruisefestivalen Boaty Weekender kuratert av Belle & Sebastian.[20]

Før cruiset spelte bandet ein oppvarmingskonsert på Saint Luke's & The Winged Ox i Glasgow den 5. august, med inntekter donert til Prince and Princess of Wales Hospice til minne om Carey Lander.[21] Etter at billettane til showet var selde ut, blei det skip til ein ny konsert med inntekter som òg blei donerte.[22]

23. april 2022 gav gruppa ut eit nytt samlealbum, Making Money, med uvanlege B-sider, coverlåtar, eit sesssionopptak og to remiksar. Utgjeving var vigd minnet til minnet til det tidlegare bandmedlemmet Carey Lander.[23][24]

Medlemmar

Noverande medlemmar

  • Tracyanne Campbell - vokal, gitar (1996-2015, 2018-no), perkusjon (1996-2004) (1996–2004)
  • Gavin Dunbar - bass (1996-2015, 2018-no) (1996-2015, 2018-no)
  • Lee Thomson - trommer (2000-2015, 2018-no)
  • Kenny McKeeve - gitar, bakgrunnsvokal (2001-2015, 2018-no)
  • Donna Maciocia - keyboard, bakgrunnsvokal (2023-no; turnemusikar 2019) [25]

Tidlegare medlemmar

  • John Henderson - song og bakgrunnsvokal, perkusjon (1996-2004) (1996–2004)
  • Richard Colburn - trommer (1998)
  • David Skirving - gitar, bakgrunnsvokal (1998-2001)
  • Lindsay Boyd - keyboard(2000-2002)
  • Nigel Baillie - trumpet, perkusjon (2002-2009)
  • Carey Lander - piano, tastatur, bakgrunnsvokal (2002-2015; død 2015)

Tidlegare turnemusikarar

  • Frànçois Marry - trompet, perkusjon, gitar (2003-2009)
  • Tim Cronin - trompet, perkusjon (2009-2015)

Diskografi

Album

ÅrNamn og detaljarTopplasseringar
UK[26]IRE[27]USA
2001Biggest Bluest Hi Fi
  • Utgjeving: 12. november 2001
  • Merke: Andmoresound (and 17)
  • Format: CD, LP
  • Gjenutgjeve i 2002 on Elefant (ER-1090)
  • Gjenutgjeve i 2004 on Merge (MRG256)
2003Underachievers Please Try Harder
  • Utgjeving: 15. september 2003
  • Merke: Elefant (ER-1104) (Europe)

    Merge (MRG239) (Nord-Amerika)
  • Format: CD, LP, DL
2006Let's Get Out of This Country
  • Utgjeving: 6. juni 2006
  • Merke: Merge (MRG276) (North America)

    Elefant (ER-1123) (Europe)
  • Format: CD, 2CD, LP, DL
125
2009My Maudlin Career
  • Utgjeving: 20. april 2009
  • Merke: 4AD (CAD 2907)
  • Format: CD, LP, DL
323787
2013Desire Lines
  • Utgjeving: 3. juni 2013
  • Merke: 4AD (CAD3314)
  • Format: CD, LP, DL
3966106
2024Look to the East, Look to the West
  • Utgjeving: 3. mai 2024
  • Merke: Merge (MRG839)
  • Format: CD, LP, DL
"—" denotes a release that did not chart or was not issued in that region.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Camera Obscura