Nes kyrkje i Sauherad

kyrkje i Midt-Telemark kommune

Nes kyrkje er ei langkyrkje bygd i perioden 1100–1150 i Midt-Telemark kommune (tidlegare Sauherad) i Telemark. Kyrkja ligg på Neshaugen på neset Nesodden som stikk ut i Norsjø, om lag midt mellom Gvarv og Akkerhaugen. Ho er bygd i stein og har 170 sitjeplassar.

Nes kyrkje
kyrkje
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeAgder og Telemark
ProstiØvre Telemark
SoknSauherad og Nes
FellesrådMidt-Telemark
TypeLangkyrkje
PeriodeRomansk
MaterialStein
Innvigd13. september, ukjend år[1]
 - Vigd tilPeter og Paulus
 - Endringarpåbygd 1850 og 1868, restaurert 1938/1954
TårnBygd i 1868
PortalAv marmorliknade kalkstein
KorDekorert med freskomåling frå tidleg 1300-tal
Kyrkjegarddet er kyrkjegard ved kyrkja
PreikestolI tre, frå 1663
DøypefontI tre, av Øystein Torshøl, 1938.
Altartavle«Krossfestinga» frå 1661
Sitjeplassar170
Kart
Nes kyrkje i Sauherad
59°22′14″N 9°13′17″E / 59.37055556°N 9.22138889°E / 59.37055556; 9.22138889
Wikimedia Commons: Nes kirke (Sauherad)

Ifylgje ei gammal segn var dei tenkt å byggje kyrkja på ein haug litt unna der kyrkja vart liggjande, og dei hadde frakta stein og tømmer dit til bygginga. Då dagen kom for å starte oppføringa fann dei ikkje vyrket der dei hadde lagd det, alt vart attfunne på Neshaugen. Det tok dei som eit teikn på at det var der kyrkja skulle liggje. Liknande segner finst om kyrkjer andre stader òg.

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff