Oh, Susannah

Oh! Susanna
Song

Tittelblad til fyrsteeutgjevinga frå 1848.
KomponistStephen Foster
TekstforfattarStephen Foster
Låtskrivar(ar)Stephen Foster

Oh! Susanna er ein trubadursong av Stephen Foster (1826-1864), gjeven ut første gong i 1848. Han er blant dei mest populære amerikanske songane som nokosinne er skrivne. Medlemmer av Western Writers of America kåra han til ein av dei 100 beste westernsongane gjennom tidene.[1]

Bakgrunn

I 1846 flytta Stephen Foster til Cincinnati i Ohio, og vart bokhaldar i broren sitt dampskipselskap. Medan han var i Cincinnati, skreiv Foster «Oh! Susanna», kanskje for den sosiale herreklubben han tilhøyrte.[2][3] Songen vart først framført av ein lokal kvintett på ein konsert i Andrews' Eagle Ice Cream Saloon i Pittsburgh i Pennsylvania, den 11. september 1847.[4] Han vart første gongen publisert av W. C. Peters & Co. i Cincinnati i 1848.[5] Blackface-minstrel-truppar framførte verket, og som det var vanleg på den tida, registrerte mange songen for opphavsrett under sine eigne namn. Som eit resultat vart han opphavsrettverna og publisert minst tjueein gonger[6] frå 25. februar 1848 til 14. februar 1851.[3] Foster tente berre 100 dollar for songen,[7] men populariteten førte til at forlaget Firth, Pond & Company tilbaud han eit honorar på to cent per selde eksemplar av notane,[3] og overtydde han om å bli den første heilprofesjonelle låtskrivaren i USA.[8][9]

Namnet Susannah kan referera til Foster si avdøde søster Charlotte, som hadde Susannah som mellomnamn.[10]

Song

Songen blandar saman ei rekkje musikalske tradisjonar. Opningslinja refererer til «a banjo on my knee», men songen tek takten frå polka, som nettopp hadde nådd USA frå Europa.[4] Forfattaren og musikaren Glenn Weiser antydar at songen inneheld element frå to tidlegare komposisjonar, begge publiserte i 1846: «Mary Blane», av Billy Whitlock, og «Rose of Alabama», av Silas S. Steele. Han påpeikar at melodien i verset til «Oh! Susanna» liknar den i «Mary Blane», og opninga av refrenget i «Oh! Susanna» er nesten identisk med ho i «Rose of Alabama». Dessutan involverer handlinga i både «Oh! Susanna» og «The Rose of Alabama» ein elskar som dreg frå ein sørstat til ein annan med banjoen sin på jakt etter si kjære, noko som tyder på at Foster fekk inspirasjon til teksten sin frå Steele sin song.[11]

Dei to første frasene i melodien er basert på pentatonisk durskala.[12]

Songen inneheld sjølvmotseiande linjer som «It rain'd all night the day I left, The weather it was dry, The sun so hot I froze to death...», som har vorte skildra som eit vers utan meining.[3] Det er ein av songane av Foster som bruker ordet «nigger» (andre er «Old Uncle Ned» og «Oh! Lemuel», begge andre tidlege songar av Foster), som dukkar opp i andre vers («De lectric fluid magnified, And killed five hundred nigger.»).

Popularitet og tilpassingar

Sangen er ikkje berre ein av Stephen Foster sine mest kjende songar,[13] men òg ein av dei mest kjende amerikanske songane.[14] Ingen amerikansk song hadde selt meir enn 5000 eksemplar før; «Oh! Susanna» selde over 100 000.[15] Etter utgivinga vart han raskt kjend som eit «uoffisielt tema for Forty-Niners»,[13] med nye tekstar om å reisa til California med ein «vaskebalje på kneet».[6] Ein tradisjonell Pennsylvania Dutch-versjon bruker Foster sin melodi, men erstattar teksten heilt.[16]

Kjende innspelingar

Ei av dei tidlegaste innspelingane, med den opphavlege teksten «killed five hundred Nigger», vart gjeven ut av Harry C. Browne i 1916 (Columbia COL A-2218). Browne gav òg ut andre tydeleg rasistiske songar same år, mellom anna Nigger Love a Watermelon, Ha! Ha! Ha!.

Songen blir sungen av eit band i Wilson (1944).

Ei nyinnspeling av songen i 1955 av The Singing Dogs nådde 22. plass i USABillboard Pop Singles.[17]

Ei humoristisk innspeling av «Oh! Susanna» var det siste sporet på det andre albumet til The Byrds, Turn! Turn! Turn!, i 1965.[18][19]

Bing Crosby inkluderte songen i ein medley på albumet sitt 101 Gang Songs (1961).

James Taylor inkluderte òg ein versjon av songen på sitt andre album, Sweet Baby James, i 1970.[20]

I 1963 spelte The Big 3 inn Tim Rose-songen «The Banjo Song», som set Foster sin tekst til ein heilt ny melodi.[21] Melodien til Rose vart deretter brukt til Shocking Blue-hiten «Venus» frå 1969. Neil Young og Crazy Horse spelte Rose sin versjon i 2012 på albumet deira Americana.[22]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Oh, Susannah