Sweet Baby James

Sweet Baby James
Studioalbum av James Taylor
Språkengelsk
Utgjevefebruar 1970 (1970-02)
InnspeltDecember 1969
StudioSunset Sound, Los Angeles
Sjanger
Lengd31:51
SelskapWarner Bros.
ProdusentPeter Asher
James Taylor-kronologi 
James Taylor
(1968)
Sweet Baby JamesJames Taylor and the Original Flying Machine
(1971)


Singlar frå Sweet Baby James
  1. «Sweet Baby James»
    Utgjeve: 1970
  2. «Fire and Rain»
    Utgjeve: 1970
  3. «Country Road»
    Utgjeve: 1970
  4. «Sunny Skies»
    Utgjeve: February 1971

Sweet Baby James er det andre studioalbumet til den amerikanske songaren og låtskrivaren James Taylor og den første utgjevinga hans på Warner Bros. Records. Det kom ut i februar 1970 og inneheld ein av dei første suksessfulle singlane til Taylor: «Fire and Rain», som nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100. Sjølve albumet nådde tredjeplassen på Billboard Top LPs & Tapes-lista. Sweet Baby James gjorde Taylor til ei av hovudkreftene i den framveksande songar-låtskrivar-rørsla. Albumet vart nominert til Grammyprisen for Årets album i 1971. Albumet vart lista som nummer 104 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[1] I 2000 kom albumet på 228. plass i Colin Larkin si bok All Time Top 1000 Albums.[2]

Bakgrunn

Albumet, som var produsert av Peter Asher, vart spelt inn i Sunset Sound i Los Angeles i California, mellom 8. og 17. desember 1969, til ein kostnad av berre 7 600 amerikanske dollar av eit budsjett på 20 000 dollar.[3] Taylor var «i hovudsak heimlaus» då albumet vart spelt inn, og budde anten heime hos Asher eller sov på ein sofa hos gitaristen Danny Kortchmar eller andre som ville ta imot han.[3]:66

Songen «Suite for 20 G» fekk namnet sitt fordi Taylor vart lova 20 000 dollar når albumet var ferdig. Han trong ei siste song for å kunne ferdigstille plata, og då sette han saman tre uferdige songar til ein «suite», slik at han kunne fullføre albumet.[4]

Albumet inneheld to hitsinglar: «Fire and Rain», med B-sida «Anywhere Like Heaven», som nådde ein tredjeplass på Billboard Hot 100 den 31. oktober 1970, og «Country Road», med B-sida «Sunny Skies», som nådde ein 37. plass den 20. mars 1971. Endå ein singel, «Sweet Baby James», med B-sida «Suite for 20 G», nådde ikkje hitlistene.[5]

Mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic [6]
Christgau's Record GuideB–[7]
MusicHound Rock4/5[8]
Rolling Stone Album Guide [9]
The Village VoiceC+[10]
Encyclopedia of Popular Music [11]

Kritikaren Gary von Tersch skreiv i Rolling Stone i 1970 at han fann «ekko av The Band, The Byrds, country Dylan og ein viseaktig Dion» i Taylors musikk på plata, og at Taylor hadde klart å transformere dette til ei «svært lyttbar plate som er heilt hans eiga».[12] Village Voice-kritikaren Robert Christgau var hardare i si vurdering av albumet, og sa at «Taylors heftige etterfylging forvirrar meg; så vidt eg kan sjå, er han berre nok ein poetiserande undersått. Sjølve produksjonen er konvensjonell. Berre for sanne truande.»[10] I ei retrospektiv melding var AllMusic-skribenten William Ruhlmann meir mottakeleg for «Taylors kjensle av sår håpløyse», og meinte albumet reflekterte «pessimismen frå det tidlege 70-talet og desperasjonen i bakrusen etter 1960-åra» og «slo an hos musikkelskarar, spesielt på grunn av den attraktive blandinga av folk, country, gospel og blueselement, alle omhyggjeleg nedtona og distansert.»[6]

Lovord

  • I 2001 kåra TV-kanalen VH1 Sweet Baby James til det 77. beste albumet gjennom tidene.[13]
  • I 2003 vart albumet rangert som nummer 104 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[1] og heldt denne plasseringa i den reviderte lista frå 2012.[14] På den reviderte lista frå 2020 hadde albumet falle til 182. plassen.[15]

Innhald

Alle songar er skrivne av James Taylor, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sweet Baby James»2:54
2.«Lo and Behold»2:37
3.«Sunny Skies»2:21
4.«Steamroller»2:57
5.«Country Road»3:22
6.«Oh, Susannah»1:58
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Fire and Rain»3:20
8.«Blossom»2:14
9.«Anywhere Like Heaven»3:23
10.«Oh Baby, Don't You Loose Your Lip on Me»1:46
11.«Suite for 20 G»4:41

Medverkande

Musikarar

Blåsarane på albumet er ikkje oppførte.

Teknisk

Salslister

Vekeslister

Liste (1970–1971)Plassering
Australian Albums (Kent Music Report)[17]7
Den kanadiske RPM-lista[18]3
UK Albums Chart[19]6
US Billboard Top LPs & Tapes[20]3

Årslister

Liste (1970)Plassering
US Billboard Pop Albums[21]15
Liste (1971)Plassering
US Billboard Pop Albums[22]7

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
USA (RIAA)[23]3× Platina3 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Album online on Radio3Net a radio channel of Romanian Radio Broadcasting Company