Oligodendrocytt

Oligodendrocyttar er dei gliasellene som myeliniserer aksona til nervesellene i sentralnervesystemet. Kvar myeliniserande oligodendrocytt kan ha frå 1 til 40 utstikkarar som myeliniserer akson, og kvar oligodendrocytt kan myelinisera fleire ulike akson.[1]

Oligodendrocytt og akson
Ein oligodendrocytt som myeliniserer fleire akson

Oligodendrocyttar finst hjå alle ryggradsdyr utanom kjevelause fiskar.[2]

Sjukdomen multippel sklerose involverer tap av oligodendrocyttar.[3]

Kjelder

Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.