Pål Sundvor

Pål Sundvor (8. september 192011. november 1992) var ein norsk forfattar og journalist.

Pål Sundvor
StatsborgarskapNoreg
Fødd8. september 1920
Fusa kommune
Død

1. november 1992 (72 år)

Yrkeskribent, journalist, lyrikar, barnebokforfattar
Språknorsk

Sundvor var frå Strandvik i Hordaland, foreldra var gardbrukarar. Han debuterte som forfattar i 1947 med barneboka Ola frå garden. I 1952 gav han ut sin fyrste roman, I morgon hender underet. Seinare gav han ut fleire romanar, novellesamlingar, dikt, barnebøker og skodespel. I mange av bøkene skildrar Sundvor korleis born opplever verda i kring seg. Stilen er jamnast lyrisk med usentimentale skildringar.[1]

Han er gravlagd i Kvam i Hordaland.

Verk i utval

  • Ola frå garden, barnebok (1947)
  • I morgon hender underet, roman (1952)
  • Fangen er fri, roman (1960)
  • Loffarens vise, dikt (1962)
  • Rugda trekker, roman (1964)
  • Ein mann vender heim, roman (1966)
  • Morgon, roman (1967)
  • Paradisporten, roman (1968)
  • Jungel og soldat, roman (1970)
  • Såvis hus, roman (1972)
  • Ein neve sol, noveller (1975)
  • Den mørke plogen, roman (1977)
  • Kurdarspel, skodespel (1978)
  • Som nakne fjell, roman (1981)
  • Blødande mørker, roman (1985)
  • Ho som talar med treet (1991)
  • Dei elskande, noveller (1992)

Prisar

Kjelder

  • Harald og Edvard Beyer:Norsk litteratturhistorie, (1978)

Notar