Pílio

Pílio (gresk Πήλιο), òg kalla Pilion, Pelion eller Pelium, er eit fjell søraust i Thessalía i Hellas, som dannar ei halvøy mellom Pagastikósbukta og Egearhavet.

Pílio
Πήλιο
fjell
Datagenerert satellittbilete av Pílio og halvøya ho ligg på
Land Hellas
OmrådeMagnisía
Høgd1 651 moh.
Koordinatar39°26′N 23°03′E / 39.43°N 23.05°E / 39.43; 23.05
Kart
Pílio
39°26′00″N 23°03′00″E / 39.433333333333°N 23.05°E / 39.433333333333; 23.05
Wikimedia Commons: Pelion

I gresk mytologi var Pílio (som fekk namnet sitt etter den mytiske kongen Peleos, far til Akhilles) heimstad til kentauren Khiron, læremeister for mange greske heltar, som Jason, Akhilles, Thesevs og Herakles. Då gigantane Otus og Efialtes prøvde å storme Olympos (Ólymbos), stabla dei fjella Pílio og Óssa oppå kvarandre. Dette gav opphav til eit ordtak for store oppgåver som ikkje gjev resultat.

Geografi

I dag høyrer Pílio til periferieininga Magnisía og omsluttar 24 landsbyar, som

Fjellet er dekt av skog som bøk, eik, lønn og kastanje. Pílio har vore ein turistattraksjon i mange år og har mange stiar og store strender med sand eller småstein.

Historie

Pílio er dekt av skog

Elektrisitet, radio og bilar vart først introdusert på 1950-talet, bortsett frå i Vólos, som hadde fått alt dette tidlegare. Fjernsyn kom til halvøya i 1970- og 1980-åra, og datamaskinar og Internett seint på 1990-talet. Den nordlege delen av Pílio vart råka av ein skogbrann i juni 2007, som øydela skogar i sentrale område av fjellet. Brannen varte fleire dagar og fleire landsbyar vart øydelagd. I august 2007 kunne ein derimot sjå at fleire tre i skogen byrja å vekse blad igjen, medan buskar voks opp på bakken.

Panorama

Frå toppen av fjellet kan ein sjå dalane omkring, fjella vest i Magnisía, sletta i Thessalía og dei omliggande fjella, Évvia, Sentral-Hellas og Dei nordlege Sporadane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff