Periferieininga Sporadane

Periferieininga Sporadane (gresk Περιφερειακή Ενότητα Σποράδων, Periferiakí enótita Sporádon) er ei av dei fem periferieiningane i periferien Thessalía.[2] Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Magnisía.

Periferieininga Sporadane
Lokalt namn Περιφερειακή ενότητα Σποράδων
Geografi
StadEgearhavet
Koordinatar39°12′N 23°49′E / 39.200°N 23.817°E / 39.200; 23.817
ØygruppeDei nordlege Sporadane

Areal275 km²

Administrasjon
LandHellas
PeriferiThessalía

Demografi
Folketal13 458 (2021[1])
Folketettleik49 /km²

Periferieininga er sett saman av øyane og kommunane (nummer på kartet)

Øya Skýros, som òg blir rekna til øygruppa Dei nordlege Sporadane, er ikkje med i periferieininga Sporadane, men er ein kommune i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas.

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommuneFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
SkiáthosSkiáthos4 8834 897
SkópelosSkópelos3 0902 942
PatitíriAlónnisos1 6281 387
GlóssaSkópelos993826
AlónnisosAlónnisos473792

Referansar

Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.