Rebecca Latimer Felton
Rebecca Ann Latimer Felton (10. juni 1835–24. januar 1930) var ein amerikansk forfattar, lærar, sosialreformerar og politikar som vart den første kvinna som tenestegjorde som senator i det amerikanske senatet. Ho er den mest prominente kvinna historia til den amerikanske delstaten Georgia historie i den progressive perioden, og vart heidra med ei utnemning til senatet.
Rebecca Latimer Felton | |||
| |||
Fødd | 10. juni 1835 Decatur | ||
---|---|---|---|
Død | 24. januar 1930 (94 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Yrke | forfattar, lærar, sosialreformator og politikar | ||
Ektefelle | William Harrell Felton | ||
Verv | Amerikansk senator for Georgia 21. november 1922–22. november 1922 | ||
Føregangar | Thomas E. Watson | ||
Etterfylgjar | Walter F. George | ||
Alle verv |
Felton vart teken i eid den 21. november 1922 og tenestegjorde berre i 24 timar.[1] I ein alder av 87 år, ni månadar og 22 dagar var ho den eldste ferske senatoren som kom inn i senatet. Ho er så langt den einaste kvinna som har vore Senator frå Georgia. Ektefellen hennar William Harrell Felton var medlem av Representanthuset og representanthuset i Georgia, og ho dreiv valkampane hans. Ho var ei leiande sosietetskvinne, ein talsperson for fengselsreformer, røysterett for kvinner og pedagogisk modernisering.
Ho var også den siste tidlegare slaveeigaren i Kongressen, og ei av få framståande kvinner som talte i favør for lynsjing.[2][3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Rebecca Latimer Felton i det biografiske kartoteket til den amerikanske kongressen
- Rebecca Latimer Felton hos American National Biography
- Zucchino, David (2020). Wilmington's Lie: The Murderous Coup of 1898 and the Rise of White Supremacy. Atlantic Monthly Press. ISBN 9780802128386.