Røysterett for kvinner

Røysterett for kvinner var ei av dei første store kampsakene for kvinnerørsla.

Kvinne som røystar i Polen.
Demonstrasjon for kvinneleg røysterett i New York i 1912
Berre menn røysta ved dette valet i New York i 1900.

Historie

Det oppstod mot slutten av det 1800-talet rørsler i fleire land som kjempa for at kvinner skulle få same røysterett som menn. Målet deira var først og fremst å få slutt på diskriminering av kvinner i høve til menn, ikkje nødvendigvis å innføre allmenn røysterett ved å fjerne diskriminering basert på økonomiske, religiøse eller rasemessige forhold.

Stemmeretten vart utvida til å gjelde kvinner på ulike tider i ulike land, og i mange tilfelle vart han også trekt attende etter nokre år. Det var også vanleg at kvinner hadde strengare vilkår for å få røysterett enn menn, for eksempel ved at berre gifte kvinner fekk retten.

Den første staden som innførte kvinneleg røysterett var New Jersey. Der vart det innført i 1776, men trekt attende i 1807. Pitcairnøyane var neste stad, i 1838. Deretter kom Sør-Australia i 1861, og så kom forskjellige territorier i USA.

Det første landet som innførte kvinneleg røysterett utan atterhald var New Zealand, rett før valet i 1893. Dette omfatta likevel berre røysteretten; det gjekk enda nokre år før kvinner kunne stille til val. Sør-Australia var den første staden som tillét kvinner å stille til val til parlamentet, i 1894, 33 år etter at kvinneleg røysterett vart innført.

Det første europeiske landet som innførte kvinneleg røysterett var Finland, som innførte allmenn røysterett og rett til å stille til val i 1906. Landet fekk i 1907 verdas første kvinnelege medlemmer av ei nasjonalforsamling, da 19 kvinner vart vald inn i riksdagen. Danmark innførte kvinneleg røysterett i lokalval i 1908 og i nasjonale val i 1915, mens Noreg innførte det for alle val i 1913.

Under første verdskrigen endra haldninga til kvinners evner og moglegheiter seg i fleire vestlege land, fordi kvinner vart sett inn i tradisjonelle mannsyrke for å fylle opp plassane til dei som var sende til fronten. I 1918 innførte Storbritannia røysterett etter nesten same vilkåra som for menn (fulle rettar vart gitt i 1928), mens kvinner i Tyskland fekk same rett som mennene. I 1920 vart kvinneleg røysterett innført i USA, og deretter fylgde dei fleste vestlege landa fram mot andre verdskrigen. Eit unntak var Frankrike, som først kom etter i 1945, samtidig som Japan.

Dei siste vestlege landa der kvinner fekk røysterett var Sveits (1971) og Liechtenstein (1984). Det er framleis nokre få land som ikkje har kvinneleg røysterett, dei fleste av dei med basis i visse tolkingar av Koranen. Bhutan skil ikkje mellom kvinner og menn, men i og med at landet har eit prinsipp om éi røyst per eigedom fører dette til at mange kvinner i røynda ikkje har røysterett.

ÅrLand
1893New Zealand
1902Australia
1906Finland
1913Noreg
1915Danmark, Island
1917Sovjetunionen
1918Austerrike, Tyskland
1919Tsjekkoslovakia, Luxembourg, Nederland, Polen
1920Canada, USA
1921Sverige
1922Irland
1927Uruguay
1928Storbritannia
1929Ecuador
1930Sør-Afrika (kvite)
1931Spania, Sri Lanka
1932Brasil, Thailand
1934Cuba, Tyrkia
1935Burma
1938Bulgaria, Filippinene
1942Den dominikanske republikken
1944Frankrike
1945Guatemala, Ungarn, Indonesia, Japan, Panama, Trinidad og Tobago
1946Benin, Italia, Liberia, Romania, Jugoslavia
1947Argentina, Malta, Togo, Venezuela, Vietnam
1948Belgia, Israel, Nord- og Sør-Korea
1949Chile, Costa Rica, India, Syria
1950Barbados, El Salvador
1951Nepal
1952Bolivia, Hellas
1953Kina, Jamaica, Mexico
1954Columbia
1955Etiopia, Ghana, Nicaragua, Peru
1956Kamerun, Den sentralafrikanske republikken, Tsjad, Kongo, Egypt, Gabon, Guinea, Elfenbeinskysten, Laos, Madagaskar, Mali, Mauritania, Niger, Pakistan, Senegal, Sudan, Tunis, Burkina Faso
1957Haiti, Honduras, Libanon, Malaysia
1958Albania, Algerie, Irak, Somalia
1959Kypros, Mauritius, Marokko
1960Nigeria, Zaire
1961Burundi, Gambia, Paraguay, Rwanda, Sierra Leone, Tanzania
1962Uganda
1963Iran, Kenya, Libya
1964Afghanistan, Malawi, Zambia
1965Botswana, Singapore
1966Guyana, Lesotho
1967Sør-Yemen
1968Sør-Jemen
1969Swaziland
1970Fiji
1971Sveits
1972Bangladesh
1974Jordan
1976Portugal
1984Liechtenstein
2005Kuwait

Land utan kvinneleg røysterett per 2006

Landa som ikkje har røysterett, eller ulike reglar for kvinner og menn, er:

  • Brunei – ingen kvinneleg røysterett
  • Dei sameinte arabiske emirata – ingen kvinneleg røysterett
  • Libanon – kvinner må ha utdanning for å røyste, menn treng ikkje dette. Det er obligatorisk for menn å røyste og valfritt for kvinner.
  • Saudi-Arabia – ingen kvinneleg røysterett

Nett innført:

  • Kuwait er det siste landet så langt som innførte kvinneleg røysterett, i 2005.