Romersk mil

Romersk mil er ei lengdeeining på om lag 1 479 meter. 1000 dobbeltsteg for marsjerande soldatar utgjorde ei romersk mil. Romermila vart måla etter tusen steg med venstrefoten.[1]latin kalla ein mila mille passus, tusen steg, i fleirtal milia passuum.

Dei påståtte restane etter Milliarium Aureum, den gylne milesteinen som markerte nullpunktet til romarvegnettverket i Forum Romanum.

Ofte vart det stilt opp steinarromarvegane ved kvar romersk mil frå Roma. Dei var innskrivne med romartal som viste kor mange mil det var til Forum Romanum i sentrum av Roma.[2] Steinane vart kalla milepålar (latin milliarium). Mila og milepelane blei spreidde utover heile Europa, og er mellom anna opphavet til dagens norske mil.

Sjå òg

  • Romerske måleeiningar

Kjelder