Søknadsprosessen til sommar-OL 2008

Søknadsprosessen til sommar-OL 2008 omfatta ti byar som søkte om å halde sommar-OL 2008. Beijing vann bodgjevinga etter å ha fått absolutt fleirtal etter to røystingar.

Byane og landa som søkte om å få arrangere sommar-OL 2008.

Søknadar

Fem av dei ti byane som søkte om leikane blei raskt eliminerte, då dei ikkje møtte dei strenge krava frå Den internasjonale olympiske komitéen (IOC).

Desse byane var:

Val

Beijing blei vald som vertsby 13. juli 2001, under den 112. IOC-konferansen som blei halden i Moskva. Til slutt stod Beijing, Toronto, Paris, Istanbul og Osaka igjen. Etter fyrste valrunde hadde Beijing ei monaleg leiing over dei fire andre kandidatane. Osaka fekk berre seks røyster og rauk dermed ut. I andre runde fekk Beijing 56 av 105 røyster og absolutt fleirtal, og avgjerda var teken.

Sjølv om medlemmane av IOC ikkje kunne røpe kva dei røysta, blei det spekulert i at det var den breie internasjonale støtta til Kina som førte til at Beijing vann, spesielt støtta frå utviklingsland som hadde fått hjelp av Kina til å bygge nye stadion og idrettsplassar. Storleiken til Kina, det auka fokuset deira på anti-doping, og tapet for Sydney i 2000 var også viktige faktorar for resultatet.

Røysting
By1. runde2. runde
Beijing4456
Toronto2022
Paris1518
Istanbul179
Osaka6