Sørlandets litteraturpris

Sørlandets litteraturpris er ein litteraturpris som vert delt ut årleg av bokhandlarane og biblioteka i Agder-fylka. Ein jury plukkar ut opp til fem bøker. Lesarane kan stemmast via SMS og på Internett og det vert lagt ut stemmeskjema i alle bokhandlane og folkebiblioteka slik at alle lesarane på Sørlandet kan stemma fram sin favoritt. I mandatet til juryen står det at forfattaren må anten bu eller ha anna tilknyting til Sørlandet, boka må vere gitt ut føregåande kalenderår og vera innanfor genrane generell- eller skjønnlitteratur for barn, ungdom eller vaksne, og at bøkene skal nominerast ut frå litterære kvalitetar. Frå 2011 var prisen delt i to klassar, ein for skjønnlitteratur og ein for sakprosa. I 2010 vart det i tillegg til den vanlege prisen delt ut ein heiderspris som gjekk til Kjell Askildsen.[1]

Vinnarane av Sørlandets litteraturpris i 2014, Tone Klev Furnes og Agate Øksendal Kaupang saman med fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund.
Foto: Grethe Tvede (AAbk)

Vinnarar av Sørlandets litteraturpris

[2]

  • 2000 – Agnete Erichsen, for Alfabetet om sommeren
  • 2002 – Mirjam Kristensen, for De som er ute i regnværet
  • 2003 – Nils Christian Moe-Repstad, for Sannheten og andre konstruksjoner
  • 2004 – Kjetil A. Brottveit, for Nattradioen
  • 2005 – Karl Ove Knausgård, for En tid for alt
  • 2006 – Annemor Sundbø, for Usynlege trådar i strikkekunsten
  • 2007 – Hege Storhaug, for Men størst av alt er friheten
  • 2008 – Gaute Heivoll, for Doktor Gordeau og andre noveller
  • 2009 – Gaute Heivoll, for Himmelarkivet
  • 2010 – Karl Ove Knausgård, for Min kamp (bind 1-3)
  • 2011 – Gaute Heivoll, for Før jeg brenner ned (skjønnlitteratur), Else Rønnevig, for Bakerovnen : verne, bygge, bruke (sakprosa)
  • 2012 – Øystein Hauge, for Predikanten (skjønnlitteratur), Harald Dag Jølle, for Nansen (sakprosa)
  • 2013 – Bård Nannestad, for Da Henrik Husten kom hjem (skjønnlitteratur), Knut Heidem for Slaget i Lyngør 1814 (sakprosa)
  • 2014 – Agate Øksendal Kaupang, for Å holde pusten (skjønnlitteratur), Tone Klev Furnes for Emanuel Vigeland (1875-1948). Vita (sakprosa)
  • 2015 – Birger Emanuelsen, for Fra jorden roper blodet (skjønnlitteratur), Øivind Berg, Tommy Egra, Jo van der Eynden, Jan Atle Knutsen og Øystein Paulsen for Sjøørret (sakprosa)
  • 2016 – Siri Pettersen, for Evna (skjønnlitteratur), Agnes-Margrethe Bjorvand og Lisa Aisato for Astrid Lindgren (sakprosa)
  • 2017 – Jan Kristoffer Dale, for Arbeidsnever (skjønnlitteratur), Berit Eide Johnsen og Gustav Sætra for Sørlandsk skipsfart 1600-1920 (sakprosa)
  • 2018 – Ole Robert Sunde, for Penelope er syk (skjønnlitteratur), Bård Nylund og Anette Trettebergstuen for Homo (sakprosa)
  • 2019 – Tore Kvæven, for Når landet mørknar (skjønnlitteratur), Siv Ringdal for På høye hæler i Amerika (sakprosa)
  • 2020 – Camilla Bøksle, for Det er vakrest når det skumrer (skjønnlitteratur), Annemor Sundbø for Koftearven (sakprosa), Line Baugstø for Vi skulle vært løver (Sparebanken Sørs barne- og ungdomslitteraturpris)
  • 2021 – Mirjam Kristensen, for Et plutselig mørke (skjønnlitteratur), Pål Kristian Eriksen for Nye språk i Norge – en språkodyssé (sakprosa)
  • 2022 – Bruno Jovanović for romanen Etter hvert vil øynene venne seg til mørket og Victor Norman for En liten åpen by. Fortellinger om Risør 1500-1873

Referansar

Bakgrunnsstoff