Seppo Räty

Seppo Henrik Räty (fødd 27. april 1962) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Helsingfors. Räty blei verdsmeister i spydkast i Roma 1987, og tok sølv i Tokyo i 1991 etter landsmannen Kimmo Kinnunen. Räty vart finsk meister i spydkast sju gongar mellom 1985 og 1996. Han er 190 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 115 kg.

Seppo Räty
StatsborgarskapFinland
Fødd27. april 1962 (62 år)
Helsingfors
Idrettfriidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Medaljar i finske meisterskap

  • 1985: Gull 85,02 m
  • 1986: Gull 80,02 m
  • 1988: Sølv 78,02 m
  • 1989: Gull 81,86 m
  • 1990: Gull 86,92 m
  • 1992: Bronse 82,74 m
  • 1993: Gull 85,68 m
  • 1995: Gull 87,68 m
  • 1996: Gull 83,46 m
  • 1997: Sølv 82,22 m

Rekordnoteringar

Fire gongar forbetra Räty den finske rekorden i spydkast. To gonger i 1987; høvesvis 82,32 m og 83,54 m. I 1990 kasta han 86,92 m og i 1992 oppnådde han 90,60 m i sitt lengste (godkjende) kast nokonsinne.

I 1991 forbetra han verdsrekorden to gongar med eit spyd som seinare vart forbode; 5. mai kasta han 91,98 m i Shizuoka og 2. juni 96,96 m i Pungalaitio.

Personlege rekordar og årsbeste

År19841985198619871988198919901991199219931994199519961997
Lengde82,6085,7281,7283,5483,2683,9286,9288,1290,6085,6885,2287, 6886,9882,22

Räty la opp etter 1999-sesongen.

Kjelder

  • Artikkelen bygger òg på «Seppo Räty» frå Finsk Wikipedia, den 9. august 2008.