Shaking the Tree

samlealbum av Peter Gabriel (1990)
Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats
Samleplate av Peter Gabriel
Språkengelsk
Utgjeve20. november 1990
Innspelt1976-1990
SjangerRock, worldbeat
Lengd77:05
SelskapGeffen/Virgin
ProdusentBob Ezrin, Steve Lillywhite, Peter Gabriel, Daniel Lanois
Kritikk
Peter Gabriel-kronologi 
Passion: Music for The Last Temptation of Christ

(1989)

Shaking the Tree: Sixteen Golden GreatsUs

(1992)


Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats vart gjeve ut i 1990 som det første samlealbumet til Peter Gabriel med songar frå det første soloalbumet sitt Peter Gabriel (I eller Car) (1977) til Passion: Music for The Last Temptation of Christ (1989).

Somme songar var forskjellige frå albumversjonane. Nye delar vart spelte inn for fleire songar i Gabriel sitt Real World Studios. Dei fleste songane vart kutta ned. «Shaking the Tree»— eit spor frå Youssou N'Dour-albumet The Lion frå 1989—var ei nyinnspeling frå 1990 med ny vokal frå Gabriel. «I Have the Touch» er oppført som ein remix frå 1983, men liknar så mykje på ein remix frå 1985 at mange musikkritikarar meiner det er den same.

«Here Comes the Flood» er ei ny innspeling frå 1990. Denne versjonen har eit arrangement med piano og vokal og er langt enklare enn den produserte versjonen på Peter Gabriel (1977).

Albumet inneheld ikkje songar frå Peter Gabriel (II eller Scratch) og filmmusikken til filmen Birdy.

Innhald

Alle songar er skrivne av Peter Gabriel, bortsett frå «Shaking the Tree» skriven i lag med Youssou N'Dour.

Nr.Tittel{{{extra_column}}}Lengd
1.«Solsbury Hill»Peter Gabriel (I), 19774:20
2.«I Don't Remember» (edit)Peter Gabriel (III), 19803:48
3.«Sledgehammer» (edit)So, 19864:52
4.«Family Snapshot»Peter Gabriel (III), 19804:25
5.«Mercy Street» (edit)So, 19864:43
6.«Shaking the Tree» (Duett med Youssou N'Dour; 1990 remix)The Lion, 19896:23
7.«Don't Give Up» (edit)So, 19865:55
8.«San Jacinto»Peter Gabriel (IV), 19826:40
9.«Here Comes the Flood» (nyinnspeling frå 1990)n/a4:31
10.«Red Rain»So, 19865:35
11.«Games Without Frontiers» (Edit)Peter Gabriel (III), 19803:57
12.«Shock the Monkey» (Radio Edit)Peter Gabriel (IV), 19823:56
13.«I Have the Touch» (1983 Remix)Peter Gabriel (IV), 19823:56
14.«Big Time»So, 19864:26
15.«Zaar» (Edit)Passion: Music for The Last Temptation of Christ, 19892:58
16.«Biko» (Edit)Peter Gabriel (III), 19807:00
Total lengd:77:05

Lister

ListePlassering
Australia[4]41
Austerrike[5]26
Nederland[6]14
Tyskland[7]12
New Zealand[8]18
Sverige[9]10
Sveits[10]27
Storbritannia[11]11
USA Billboard 200 [12]48

Kjelder