She Got Me

«She Got Me»
Song av Luca Hänni
LandSveits
SpråkEngelsk
Utgjeve8. mars 2019
SjangerPop, latinopop
Lengd03:00
SelskapMuve Recordings
KomponistLaurell, Luca Hänni
TekstforfattarLaurell
Låtskrivar(ar)Laurell Barker, Frazer Mac, Jon Hällgren, Lukas Hällgren og Luca Hänni

«She Got Me» (norsk 'ho fekk meg') er ein engelskspråkleg latino-inspirert popsong som vert framført av den sveitsiske songaren Luca Hänni. Songen vart utgjeven 8. mars 2019 og er komponert av Laurell Barker, Frazer Mac, Jon Hällgren, Lukas Hällgren og songaren Luca Hänni sjølv. «She Got Me» var det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han enda på fjerdeplass. Låten vart vald gjennom ei lukka juryvurdering i regi av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.

Om songen

Luca Hänni framfører «She Got Me» under ei av prøvene før finalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

Bakgrunn

«She Got Me» vart skriven av Luca Hänni saman med eit lag av internasjonale låtskrivarar under ei sveitsisk låtskrivarsamling i 2018.[1] «She Got Me» kombinerer vestleg pop med latinorytmar og musikkelement frå Midtausten.[2] «Eg ynskjer å spreie litt livsglede og dele lidenskapen min for dans og musikk», har Hänni sagt om songen.[2] Hänni er ein sveitsisk musikar, modell og låtskrivar som vart kjend i Sveits, Austerrike og Tyskland då han vann niande sesong av Deutschland sucht den Superstar i 2012. Programmet er den tyske versjonen av Idol.

Sveitsisk uttak

«She Got Me» vart send inn til tevlinga for å kåre det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Israel. I prosessen vart dei innsende songane vurderte av eit panel på hundre lyttarar og ein internasjonal fagjury beståande av 20 musikkbransjefolk. Dei to jurygruppene avgjorde kvar 50 prosent av resultatet, og dei kåra til slutt «She Got Me» som vinnaren av det sveitsiske Eurovision-uttaket.[2] Tevlinga var i regi av den sveitsiske ålmennkringkastaren SRG SSR som består av dei regionale kringkastarane SRF, RTS, RSI og RTR.[3] Etter at «She Got Me» vart utgjeven, gjekk songen raskt inn som ein av favorittane til å vinne Eurovision Song Contest.[3][4]

Eurovision Song Contest

«She Got Me» vart offentleggjord 8. mars 2019, og han deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv. Semifinalen vart arrangert torsdag 16. mai, og Sveits hadde startnummer 4. Songen vart blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[5] I finalen enda han på fjerdeplass; den beste plasseringa til Sveits på 26 år.[6][7]

Sporliste

«She Got Me» vart lagd ut for strøyming 7. mars 2019 og digital nedlasting dagen etter av selskapet Muve Recordings. Nedlastingsversjonen har to spor:[8]

Digital nedlastning

SporTittelLengd
01«She Got Me»03:00
02«She Got Me» (karaokeversjon)03:01

Listeplasseringar

Liste (2019)Høgaste

plassering

 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[9]26
 Belgia, Flandern (Ultratip)[10]22
 Estland (Eesti Tipp-40)[11]5
 Hellas (IFPI Digital Singles)[12]10
 Irland (Irish Singles Chart)[13]77
 Island (Tónlistinn)[14]3
 Nederland (Single Top 100)[15]48
 Noreg (VG-lista)[16]38
 Skottland (Official Charts Company)[17]45
 Storbritannia (UK Download)[18]32
 Sveits (Schweizer Hitparade)[19]1
 Sverige (Sverigetopplistan)[20]35
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[21]62

Referansar