Simon Spies

Simon Ove Christian Oglivie Spies (1. september 192116. april 1984) var ein dansk forretningsmann. Han stifta reisebyrået Spies Rejser[1] og flyutleigeverksemda Conair,[2] og er ofte vorte kalla «Danmarks reisekonge».[3]

Simon Spies
StatsborgarskapDanmark
Fødd1. september 1921
Helsingør
Død

16. april 1984 (62 år)

Yrkeforretningsdrivande
EktefelleJanni Kjær

Liv og virke

Familiebakgrunn

Spies vart fødd inn i ein fattig familie i Helsingør. Far hans, kunstmålaren Willam Spies,[4] var psykisk ustabil og var fleire gonger innlagt i ein psykiatrisk klinikk. Mor hans heitte Emma Spies.[5]

Utdanning og karriere

Simon Spies var strålande gåverik, og oppnådde å verta både cand.psych. og cand.polit ved Københavns Universitet.[6]

Han melde seg i 1942 inn i Danmarks Nationalsocialistiske Arbejderparti, i det føremålet å kunna reisa til Austerrike som den gongen var del av Det stortyske riket og ta seg arbeid der. Han var aldri politisk aktiv i partiet.[7]

I 1956 starta han firmaet Spies Rejser som med tida voks og enda med å verta ein av dei største turoperatøran i Skandinavia[8] med charterreiser og pakketurar. I 1965 kjøpte Spies opp det konkursramma danske charterselskapet Flying Enterprise som var vorte starta i 1959. Dette vart byrjinga på hans eige charterselskap Conair.

Spies er i dag Danmarks største charterturoperatør og ein del av konsernet Thomas Cook Group, no TUI.[9]

Kjelder

Bakgrunnsstoff