Simone Hauswald

Simone Hye-Soon Denkinger, gift Hauswald, (fødd 3. mai 1979) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Rottweil i Baden-Württemberg. Ho vann VM-gull i mixstafetten i 2010 og VM-sølv i sprintøvinga året før. Elles sikra ho seg fem bronsemedaljar i stafettar, mixstafett og fellesstart i tida 2003-10; tre i ymse verdsmeisterskap og to i Vinter-OL 2010.

Simone Hauswald


StatsborgarskapTyskland
Fødd3. mai 1979 (45 år)
Rottweil
Idrettskiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett kvinner

Aktiv

Denkinger vart nummer fire på 15 km då VM i skiskyting 2003 fann stad i Khanty-Mansijsk og gjekk fyrstetappen på det tyske laget som kom på bronseplass i 4 x 6 km stafett. Året etter fekk ho ein ny stafettbronse med Tyskland, og enda på fjerdeplassen i fellesstarten i VM 2004 i Oberhof.

Etter nokre magre sesongar kom nygifte Hauswald sterkt tilbake, og tok steget heilt opp i verdstoppen i 2009 og 2010. Frå desember 2008 til mars 2010 vann ho sju individuelle renn i verdscupen, og enda på andreplass i verdscupen i skiskyting i 2010. Ho vart nummer to etter landskvinna Kati Wilhelm på 7,5 km under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang og deltok på det tyske mannskapet som tok bronsemedaljen i mixstafetten. Under dei olympiske leikane i Vancouver i 2010 vann ho nye bronsemedaljar i kvinnestafetten og i fellesstarten. Høgdepunktet for Hauswald kom då Tysklands utvalde kvinner og menn 28. mars 2010 vart verdsmeistrar i mixstafett i Khanty-Mansijsk. Saman med Magdalena Neuner, Simon Schempp og Arnd Peiffer syrgde ho for ein suveren siger til det tyske mannskapet. Det vart hennar siste tevling, ho la deretter opp som skiskyttar.

Verdscupsigrar

DatoStadLandØving
12. desember 2008Hochfilzen  AusterrikeSprint
11. mars 2009Vancouver-Whistler  Canada15 km
29. mars 2009Khanty-Mansijsk  RusslandFellesstart
8. januar 2010Oberhof  TysklandSprint
18. mars 2010Oslo  NoregSprint
20. mars 2010Oslo  NoregJaktstart
21. mars 2010Oslo  NoregFellesstart

Kjelder