Slagside

Slagside er eit omgrep som viser til at eit skip heller, krenger eller ligg over til ei av sidene, utan at ytre krefter verker på skipet.[1] Ofte kjem slagside av at lasta er uheldig fordelt eller trimma feil, at lasta har forskyvd seg under sjøgang, eller lekkasje i skipet der vatn har trengd inn.[2]

«Ivory Tirupati» har kraftig slagside.

I motsetnad er rulling den dynamiske rørsla frå side til side skapt av bølgjer. Om eit skip får stor nok slagside vil det til slutt kollsegle og potensielt søkkje.[3]

Omgrepet vert òg nytta i vanleg språkbruk med tydinga å ha tendens til eller ha helling i mot noko, i ei eller anna retning. Til dømes kan nokon ha «politisk slagside».

Kjelder