Sola kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sola (fleirtyding).

Sola er ein kommune i Rogaland fylke med om lag 27 669 innbyggjarar per 1. januar 2022.[1] Det bur 14 125 i Solakrossen, 6 528 i Tananger, 970 i Hålandsmarka og 1056 i Stenebyen.[2] Ved inngangen til 1980 var folkemengda i kommunen 12 323. Sola kommune tilsvarar det som frå 1840 heitte Sola sokn i Håland herad.

Sola kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeRogaland
Adm.senterSolakrossen
Areal69,05 km²
 - land68,83 km²
 - vatn0,22 km²
Folketal 28 685  (1. januar 2024)
Målformnøytral
OrdførarJanne Stangeland Rege (H)
Kommunenr.1124
Kart
Sola kommune
58°52′48″N 5°37′43″E / 58.88°N 5.628611°E / 58.88; 5.628611
Wikimedia Commons: Sola
Nettstad: www.sola.kommune.no

Det er sju valkrinsar i Sola kommune; Tananger, Sola, Håland, Dysjaland, Stangeland, Røyneberg og Grannes.

I Sola kommune ligg Stavanger lufthamn, Sola, Hovudredningssentralen for Sør-Noreg og Sola flystasjon, i tillegg finn ein eit industriområde med eit stort hamneanlegg i Risavika der mellom anna Fjordline har eit ferjesamband over til Hirtshals.

Geografi

Sola kommune ligg nord på Jæren, ved Hafrsfjord. Kommunen grensar til Klepp kommune i sør, Sandnes kommune i aust og Stavanger kommune i aust og nord. I vest grensar kommunen til Nordsjøen.

Solastranda.

I Sola finst mange vakre sandstrender, mellom anna Solastranda. Høgaste punkt i kommunen er Kjerrberget (101 moh.).

Sola kommune har eit areal på 69 km², der størstedelen er fruktbart sletteland. Omtrent 41 km² vert nytta til jordbruk.

Øya Rott er kjend for sitt fugleliv. Her ligg det sørlegaste fugleværet i Noreg.

Historie

Sola kommune er rik på spor etter menneskeleg verksemd, frå steinalderen via bronsealderen, vikingtida og fram til i dag. Rike gravfunn, mange fornminne og spor etter store gardar fortel om ei stordomstid heilt attende til bronsealderen.Rægehaugane er det rikaste gravfunnet i Noreg frå bronsealderen.

Kjende namn frå vikingtida er Harald Hårfagre (om lag 865- om lag 933) og Erling Skjalgsson (fødd om lag 975). Begge er viktige i Noregssoga.Erling Skjalgsson er kalla Rygekongen eller Rygane sin konge. Ein kald ettermiddag før jul i 1028 vart han hoggen ned av Aslak Fitjaskalle si stridsøks.

Samlinga av Noreg til eitt rike skjedde truleg rett ved Ytraberget i Sola kommune. Slaget i Hafrsfjord stod i 872 eller nokre år etter det. Ein bautastein med kong Olav V sin signatur vart reist nær toppen av Ytraberget ved 1100-års jubiléet i 1972. Monumentet 'Sverd i fjell' av kunstnaren Fritz Røed vart avduka i 1983. Det ligg i Møllebukta (ved den delen av Hafrsfjord som høyrer til Stavanger kommune).

Sola Ruinkyrkje frå 1120-1150 er restaurert og vart gjenopna i 1995.

Alt på 1200-talet var Sola delt i tre sokn med kvar si kyrkje, ei på Håland, ei på Sola og ei på Tjora. Det var desse tre sokna som i 1840 vart slegne saman til eitt.

Det fyrste heradsstyret i Håland (då skrive Haaland) vart kalla saman i 1837 og valde losoldermann Gabriel Monsen til sin fyrste ordførar. Den tidlegare kommunen Håland herad vart i 1930 delt mellom Sola og dåverande Madla kommune. Madla vart i 1965 slegen saman med Stavanger.

Museum

  • Flyhistorisk Museum Sola
  • Kystkultursamlinga i Tananger
  • Rogaland Krigshistoriske Museum (RKM)

Avis

Solabladet er lokalavisa i Sola. Regionavisa Stavanger Aftenblad har òg nyhende frå Sola kommune.

Kjende personar frå Sola

  • Erling Skjalgsson (ca. 960-1027), hovding frå vikingtida
  • Rasmus Sørnes (1893-1967), oppfinnar, klokkemakar
  • John Skien (f. 1944), programleiar/reporter i NRK Rogaland
  • Vegar Hoel (1973-2021), skodespelar
  • Pia Tjelta (f. 1977), skodespelar
  • Camilla Herrem (f. 1986), handballspelar

Kjelder

Bakgrunnsstoff