Songen White Light/White Heat

White Light/White Heat
Song av The Velvet Underground
frå albumet White Light/White Heat
Utgjeve30.januar 1968
InnspeltSeptember 1967, Scepter Studios, New York City, New York
SjangerRock, protopunk, eksperimentell rock
Lengd2:47
SelskapVerve Records
KomponistLou Reed
TekstforfattarLou Reed
Låtskrivar(ar)Lou Reed
ProdusentTom Wilson
The Velvet Underground-kronologi 
Sunday Morning
(1966)
White Light/White HeatWhat Goes On
(1969)


«White Light/White Heat» er ein song av det amerikanske rockebandet The Velvet Underground og tittelsporet på det andre albumet deira, som kom ut i 1968. Det er ein rask, relativt aggressiv start på albumet, liknande punkrock-sjangeren han seinare var med på å påverke.

Songen vert hovudsakleg sungen av Lou Reed, med John Cale og Sterling Morrison på korvokal. Songen, på liknande vis som «I'm Waiting for the Man», vert framført med eit hamrande rock-and-roll og kro-aktig piano. Songen omhandlar kjensla ein får ved å intravenøst ta metamfetamin og har ein kraftig forvrengd elektrisk bass i avslutninga, spelt av John Cale .

«White Light/White Heat» kom ut i 1968 som singel med «Here She Comes Now» som B-side. «White Light/White Heat» vart òg framført på dei fleste konsertane til Velvet Underground frå 1967 og framover. Reed spelte òg inn ein konsertversjon av songen i 1974, som finst på albumet Rock 'n' Roll Animal.

Medverkande

  • Lou Reed - vokal, rytmegitar
  • Sterling Morrison - sologitar, korvokal
  • John Cale - bassgitar, korvokal, piano
  • Maureen Tucker - perkusjon

David Bowie-versjonen

White Light/White Heat
Singel av David Bowie
frå albumet Ziggy Stardust - The Motion Picture
B-side

Cracked Actor

Språkengelsk
UtgjeveNovember 1983
InnspeltHammersmith Odeon, London 3. juli 1973
SjangerGlamrock
Lengd4:06
SelskapRCA
372
KomponistLou Reed
TekstforfattarLou Reed
David Bowie-kronologi 
Without You
(1983)
White Light/White HeatBlue Jean
(1984)


White Light/White Heat vart ofte spelt live av David Bowie. Ein versjon frå 1973 vart gjeven ut som singel i 1983 for å promotere konsertalbumet Ziggy Stardust: The Motion Picture.

Bowie hadde lenge vore Velvets-fan og hadde spelt «White Light/White Heat» sidan 1971. På plateomslaget til Hunky Dory er songen nemnd som inspirasjonskjelde for Bowie sin «Queen Bitch». Han vart spelt gjennom heile Ziggy Stardust-turneen, mellom anna i lag med Lou Reed den 8. juli 1972. Han vart òg spelt inn av Bowie for BBC og var tenkt som ein del av Pinups. Trass i dette var Ziggy Stardust - The Motion Picture-prosjektet første gong Bowie-versjonen av songen kom ut på plate.

Bowie var på denne tida på høgda av karrieren kommersielt sett med Let's Dance, og «White Light/White Heat» vart rekna som eit uvanleg val for singel, og nådde berre 46. plass i Storbritannia. Songen vart spelt på fleire turnear sidan.

Medverkande

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideOddvar TorsheimCarles PuigdemontSpesial:SøkGene SimmonsJa, vi elsker dette landetVerdas landTussmørkesvermararSpesial:Siste endringarWikipedia:KontaktNy-CaledoniaDet norske flaggetLora stoppestadDraumkvedetDet norske alfabetetWikipedia:Gode nynorskordWikipedia:OmAndre verdskrigenParadis i BergenKrøllalfaNetiporn SanesangkhomNasjonaldyrRayleeWikipedia:ArbeidskontoretHjelp:InnhaldWikipedia:AtterhaldWikipedia:SamfunnshusetSang til BergenWikipediaBottheim stoppestadNoregLønnPinseHurraDen norske grunnlovsdagenLinn UllmannFil:US-NLM-PubMed-Logo.svgAndre pinsedagIslandske nasjonaldrakter