The Voice av Eimear Quinn

«The Voice»
Song av Eimear Quinn

LandIrland
SpråkEngelsk
Utgjeve1996
Sjangerfolk, keltisk, new age
Lengd03:02
SelskapPolydor (Europa)
CNR Music (Noreg)[1]
TekstforfattarBrendan Graham
Låtskrivar(ar)Brendan Graham

«The Voice» (norsk 'stemma') er ein keltisk-inspirert song som vann Eurovision Song Contest 1996 for Irland. Songen vart framført av den irske songaren Eimear Quinn og var komponert av Brendan Graham. Graham står også bak Eurovision-vinnaren «Rock ’n’ Roll Kids‎» i 1994, og han har skrive teksta til Secret Garden sin verdshit «You Raise Me Up».

«The Voice» skaffa Irland sin sjuande og hittil siste siger i Eurovision Song Contest. Sjølv om den internasjonale finalen vart arrangert i Oslo i 1996, kom «The Voice» aldri inn på VG-lista. Men songen tok seg inn på singellistene i blant anna Irland, Storbritannia og Sverige.

Om songen

«The Voice» er ein keltisk-inspirert, melodisk låt, ein stil som var populær i midten av 1990-åra. Året før hadde Noreg vunne med «Nocturne» som også var ein song i keltisk musikkstil. Teksta handlar om at songaren ser seg sjølv som stemma som vaker over verda og effekten ho har på elementa som jord, luft og vatn.[2]

Eurovision Song Contest

«The Voice» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske finalen i Dublin 3. mars 1998. I finalen kåra åtte regionale jurygrupper «The Voice» til ein klar vinnar med 105 poeng, og songen vart dimed det irske bidraget til Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum laurdag 18. mai same år.[3]

I den internasjonale finalen var Irland det 17. bidraget på scena av 23 bidrag. Quinn stilla i lang, kvit kjole med gullbroderingar, og i tillegg til Kringkastingsorkestret vart hun akkompagnert av tradisjonelle irske slaginstrument, treblåsarar og strengeinstrument.

I byrjinga av avrøystinga kjempa fleire land om å liggje i teten, men etter kvart tok Irland leiinga og heldt på henne heilt til slutt. «The Voice» fekk til saman 162 poeng – 48 poeng framfor Noreg og «I evighet», som vart nummer to. Den norske juryen gav 10 poeng til det irske bidraget.[4]

Sigeren var den sjuande til Irland og den fjerde til Irland på berre fem år. Irland har ikkje vunne Eurovision Song Contest sidan, men hadde per 2021 framleis rekorden i talet på sigrar. Dette var også den andre sigeren til Brendan Graham som låtskrivar; han stod også bak «Rock ’n’ Roll Kids‎» som vann Eurovision Song Contest i 1994.

Etter sigeren

Sjølv om songen var i tråd med dåtidas musikkånd, vart ikkje «The Voice» nokon stor internasjonal hit. Songen nådde ein tredjeplass på den irske singellista, og ein niandeplass i belgiske Flandern, ellers fekk den liten suksess. Sjølv om finalen dette året gjekk av stabelen i Noreg, kom ikkje vinnarlåten inn på norske VG-lista. I staden vart det britiske bidraget Gina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» den store hiten i Europa dette året. Den britiske songen toppa hitlistene i Storbritannia, nådde ein tolvteplass i USA og klatra til ein femteplass på VG-lista.[5][6][7] Trass suksessen vart Gina G berre nummer åtte i Eurovision Song Contest dette året.

I 2021 avsløra Storbritannias prins Charles at «The Voice» er blant hans favorittlåtar.[8]

Listeplasseringar

Liste (1996)Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
 Belgia, Flandern (Ultratop)[9]91015. juni 1996
 Belgia, Valonia (Ultratop)[10]30422. juni 1996
 Irland (Irish Singles Chart)[11]31016. mai 1996
 Nederland (Single Top 100)[12]21722. juni 1996
 Storbritannia (UK Singles Chart)[13]40215. juni 1996
 Sverige (Sverigetopplistan)[14]31731. mai 1996

Referansar