Thisted kommune

dansk kommune i Region Nordjylland

Thisted kommune er ein kommune i Thy (på Nørrejyske Ø) i Region Nordjylland i Danmark, skipa i samvar med Kommunalreforma i 2007 ved at dei tidlegare kommunane Hanstholm, Thisted (1970-2006) og Sydthy vart slege saman.[2]

Thisted kommune
kommune
Land Danmark
RegionNordjylland
Adm.senterThisted
Areal1,072 km²
Folketal 42 989  (2024[1])
Folketettleik40 102 / km²
BorgarmeisterNiels Jørgen Pedersen
Kommunenummer787
Kart
Thisted kommune
56°57′10″N 8°36′10″E / 56.9528°N 8.6027805555556°E / 56.9528; 8.6027805555556
Wikimedia Commons: Thisted Kommune
Nettstad: www.thisted.dk
Hamna i Hanstholm i Thisted kommune.

Innbyggjartalet er 42 989 (2024).

Administrasjonssenteret i Thisted kommune er hamnebyen Thisted, den største byen i kommunen, som ligg attmed Limfjorden. Fiskeri- og hamnebyen Hanstholm på Nordsjøkysten med 2.276 innbyggjarar (2012) har lenge vore ein viktig hamn for ferjesamband til mellom anna Noreg. Under andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta tallause bunkerar og tungt kystbatteri i nærleiken av Hanstholm (Verteidigungsbereich Hansted). Desse stod i samband med liknande innretningar i Kristiansand i Noreg, det såkalla Batterie Vara på Møvik fort. Meininga med dette opplegget var å stengje sjøvegen til Aust-Noreg, Kattegat, Austersjøen og Baltikum for allierte sjøstridskrefter.

Borgar­meistrar

  • Niels Jørgen Pedersen (V) 2022–[3]
  • Ulla Vestergaard (S) 2018–2021
  • Lene Kjelgaard Jensen (KF) 2010–2017
  • Erik Hove Olesen (S) 2007–2009[4]

Referansar